Kvifor blir ein avsidesliggande festival i fjellheimen, utan dei store, internasjonale namna, utseld på ti sekund? Vinjerock-publikummet reiser til fjells for det eksotiske.

Dei siste åra har populariteten til Vinjerock skote fart. Fjorårets utgåve vart utseld på eitt minutt, og før nyttår vart billettane til årets utgåve utseld på ti sekund. Det er få festivalar som kan skilta med liknande rift om billettane.

– Dette er jo ein særeigen festival, som ikkje liknar på noko anna, seier Sondre Feldberg Bakken (25).

Han er ein av dei 3000 som fekk skaffa seg billett til Vinjerock, og som denne helga har busett seg i telt ved Eidsbugarden i Vang kommune i Valdres.

– Det tiltrekker seg ein spesiell type menneske.

– Kor mykje har musikken å seia?

Eg kjøpte billetten før eg såg plakaten, svarar Sondre.

Han var ikkje ein av dei som reiv til seg billettar i løpet av dei første ti sekundane billettsalet var i gang.

– Eg fekk kjøpt sist fredag, etter iherdig jakt på Facebook, fortel Sondre.

Sondre Feldberg Bakken (25) fekk skaffa seg billettar til Vinjerock etter iherdig jakt på Facebook.

Sjå alt frå fjorårets Vinjerock her!

Publikum har mykje å seia
Camilla Wolff (28) og Ida Bjørnebye (27) deler telt med den franske bulldogen Mikki, nær den sildrande bekken som deler leiren i to. Dei fekk billettar på den tradisjonelle måten – ved å febrilsk oppdatera nettsida for billettsalet til Vinjerock, og bryta ut i jubel då dei såg dei var blant dei heldige.

– Me satt saman over Skype, og hadde faktisk med ein kollega til å hjelpa oss med å få tak i dei, fortel Ida.

– Det er ein sjukt hyggeleg festival, svarar Ida på spørsmål om kvifor ho trur Vinjerock har blitt så populært dei siste åra.

– Det er eksotisk. Ein tenkjer kanskje på palmar og strender som eksotisk, men dette er eksotisk i Noreg, å vera midt på fjellet, legg Camilla til.

Dei meiner publikummet på Vinjerock har mykje å seia for appellen.

– Det eliminerer nokre menneske, så det blir ikkje like mykje fyllefest, seier Ida.

Det er brei semje i publikummet på Vinjerock om at friluftsliv er i vinden. No har fjellet erstatta sydenferien for mange.

Ida og Camilla gjekk for i pose og sekk.

– Dette erstatta ikkje sydenturen, me kom rett frå Sri Lanka no, fortel Ida.

LES OGSÅ: Har festival-Noreg veksesmerter?

Anders Aasberg (34) trekk også fram publikummet som eit pluss.

– Eg var her for eit par år sidan, då var det berre fyllefest. Eg satsar på å unngå det i år, seier han – og så langt har han ikkje blitt skuffa.

Han jobbar som frivillig på festivalen, og slapp derfor å jakta etter billettar.

– Folk likar noko annleis, og friluftsliv er veldig i vinden om dagen, svarar han på spørsmålet om kvifor Vinjerock har blitt så stort.

– Folk er kanskje litt lei av å berre reisa på fyllefest, legg han til.

Venninnene Ida og Camilla var blant dei som fekk kjøpt billettar innan dei første 10 sekunda. Foto: Anders Veberg

Topptur på dagen, konsert på kvelden
Festivalsjef Julie Forchhammer er begeistra for eigen festival, naturleg nok. Ho trur populariteten til festivalen kjem frå ein kombinasjon av fleire ting.

– Kombinasjonen av den beste, nye norske musikken, og eldgamle norske fjell gjer Vinjerock til ei heilt unik oppleving. Her kan du gå på topptur til Uranostind på dagtid og sjå konsert med Highasakite på kvelden, det er det ikkje mange festivalar som tilbyr.

Ho trur festivalen har nådd si maksgrense no, og er nøgd med storleiken slik den er.

– Sidan me ligg midt i fjellheimen må me ta ekstra godt vare på omgjevnadene me er i, så det legg grenser kor mykje publikum me kan ha. At festivalparkeringa ligg 20 kilometer unna festivalområdet er også ei organisatorisk nøtt me ikkje vil utfordra meir enn me allereie gjer i dag, seier Forchhammer.

LES OGSÅ: Dansken som skal arrangera festival i fjellheimen

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02

LES OGSÅ

ANNONSE