Miljørørsla krev sletting av kvoteoverskot
Miljørørsla riv seg i håret over vedtaket frå regjeringa om å spare klimakvotane som er til overs etter den første Kyoto-perioden.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Miljørørsla riv seg i håret
NTB skreiv tidlegare at Noreg vil sete att med eit overskot på inntil 3 millionar kvotar når oppgjeret for Kyotoprotokollens første forpliktingsperiode er ferdig i haust. Desse kvotane vil regjeringa spare til seinare bruk.
Bakgrunn: Noreg vil spara på klimakvoter
Bellona er ikkje imponert.
– Det er uttrykk for ei defensiv og feig haldning. Å slette desse svært billige kvotane burde vore eit minstemål, seier Hallstein Havåg, fagsjef i Bellona.
Også Naturvernforbundet, Zero og Miljøpartiet Dei Grøne krev at kvoteoverskotet må bli sletta. (©NPK)
LES OGSÅ: Vindkraft ga straum til heile Danmark