I dag kjem oppfølgaren alle har venta på

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Oppfølgaren alle har venta på

Harper Lee vart raskt ein av dei mest populære forfattarane i verda etter at ho debuterte i 1960 med «To Kill A Mockingbird», historien om den ærlege og rettferdige advokaten Atticus Finch og dottera Scout.

Boka er høgt elska, men det kom ikkje noko meir frå forfattaren Harper Lee – før no. «Go Set A Watchman» tek opp tråden 20 år etter «To Kill A Mockingbird» slutta. Scout har blitt 26 år gamal, og blir kalla Jean Louise. Ho besøker faren, den no 72 år gamle Atticus Finch.

LES OGSÅ: Boksalet aukar

Nettopp Atticus Finch er mykje av grunnen til at den første boka til Harper Lee har blitt så populær. Atticus Finch var ein rettferdig advokat som vart eit symbol for menneskjerettar og anti-rasisme.

Derfor har boka allereie skapt store reaksjonar, sidan det kom fram i førre veke at karakteren Atticus Finch har blitt ein rasist på sine eldre dagar, som også har vore på eit Ku Klux Klan-møte.

LES OGSÅ:  – Riktig å lage bok av dette