Hatkriminaliteten er dobla

Politiet i Oslo fått meldt inn like mange hatkriminalitet-saker på eit halvt år som i heile fjor. Saker som gjeld etnisitet ligg på toppen.

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På Manglerud politistasjon har Oslo-politiet starta ei eiga gruppe med ansvar for hatkriminalitet, skriv Klassekampen. Desse sakene er definert som saker motivert av hat eller negative haldningar på grunn av etnisitet, religion, livssyn, homofil orientering, eller nedsett funksjonsevne.

LES OGSÅ:Minoritetsmenn blir oftare diskriminert

Store mørketal
Seniorrådgjevar Ingjerd Hansen i Oslo-politiet seier til Klassekampen at arbeidet har gitt positive resultat.

– Vi veit at mørketala for desse sakene er veldig høge. Difor er det ei ønska utvikling når vi no får inn fleire meldingar, seier ho.

Klassekampen skriv at Oslo-politiet har registrert hatkriminaliteten årleg sidan 2012. Det første året blei 48 saker registrert i politiet sin kriminalitetsstatistikk. Året etter hadde talet auka til 55, medan det i fjor var 69 saker. I politiets ferske halvårsrapport kan ein lese at politiet allereie har fått inn like mange saker på halvt år som i heile fjor.

Hansen seier at det er komplisert å gi eit nøyaktig tal frå rapporten fordi hatkriminalitet kan registrerast som mange ulike typar kriminalitet.

– Sakene kan ikkje kategoriserast etter ein eigen paragraf, fordi hatkriminalitet kan vere alt frå trugslar til vald og skremmande åtferd. Ei av de mest markante sakene vi har hatt her i Oslo, er drapet på Benjamin Hermansen.

LES OGSÅ: Benjamin-prisen til Uranienborg skole

67 av 57 henlagt
Av dei 69 sakene som blei meldt inn i fjor, blei 57 henlagt, medan 12 enda med positive påtaleavgjersler. Hansen presiserer at alle hatkrimsaker blir grundig etterforska før ein eventuell henleggelse. Ho viser likevel til at det ofte er vanskelig å bevise for eksempel ei hatefull ytring, men at politiet likevel gjer sitt beste for å etterforske hatkrimsakene.

På spørsmål om kva saker går mest att nemner Hansen tre grupper som er mest utsett.

– Vi får helt klart mest på etnisitet og det vi definerer som LHBT (lesbiske, homofile, bifile og transpersonar), med religion på tredjeplass. Saker om nedsett funksjon eller antisemittisme har vi nesten ikkje registrert.