Regissør Matt Ogens har gått i djupna på korleis det er å ha verdas mest forhatte etternamn.

«Namnet skjemmer ingen» heiter det i ordtaket. Men gjeld det også om du heiter Hitler? Regissør Matt Ogens begynte å fundere på korleis det er å leve med verdas mest forhatte etternamn, og kvifor dei aldri har skifta det ut. Konklusjonen får du i filmen «Meet the Hitlers». I eit intervju med Dagbladet fortel regissøren at han i prosessen har møtt ei rekke personlegdommar. Nokre av dei har arva etternamnet gjennom fleire generasjonar.

–Alle med etternamnet Hitler har hatt sine opp- og nedturar. Gene Hitler, som har hatt etternamnet i fleire generasjonar lenge før Adolf Hitler blei fødd, har følt på omverdas negative reaksjonar i mange år. Men fordi foreldra hans gav han namnet, og fordi det er i familien, føler han ikkje noko behov for å forandre det, skriv Ogens i ein e-post til avisa.

LES OGSÅ: Oppmodnar andre parti til å få samiske og kvenske namn

Nynazistisk ideologi
Andre har teke etternamnet grunna sin nynazistiske ideologi. Som intervjuobjektet Heath Campbell. Han gav sonen sin namnet Adolf Hitler Campell og dottera namnet Arian Nation. Begge ungane hamna seinare i fosterheim.

LES OGSÅ: Kan ikkje nekta dei å bruka namnet mitt

Interessefelt
Dokumentaren har premiere i USA i oktober og vert for tida vist på ulike filmfestivalar. Den har fått mykje merksemd og regissøren meiner det skuldast at den treff eit visst interessefelt hos folk.
–Er du ein Smith eller Martens, tenkjer du kanskje ikkje så mykje over namnet ditt. Men om du har eit namn med historie knytt til seg, som Disney eller Rockefeller, kan det forme eit menneske. Uavhengig av om ein er i slekt med dei historiske personane eller ikkje, skriv han i ein e-post til Dagbladet.

Meet The Hitlers / Trailer from The Name Project on Vimeo.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02

Kommentarar

ANNONSE