Langt frå likestilt til sjøs

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stadig fleire tek båtførarprøven. Tal frå Sjøfartsdirektoratet synte at godt over 11.000 personar hadde skaffa seg båtførarbevis i slutten av juni. Det er 20 prosent fleire enn på same tid i fjor.

Men likestillinga til sjøs ligg langt ut i horisonten. Tal frå Norsk Test, som har ansvaret for prøvane, syner at berre tre av ti som tek båtførarprøven er kvinner.

LES OGSÅ: Tre av fire vil seie ifrå om drikking til sjøs

Sjøkyndige søringar
Best ut kjem Oslo, der 37 prosent av dei som tek prøven er kvinner, medan jumboplassen går til Finnmark der berre 14 prosent av dei som skaffa seg beviset er kvinner.

– Vi veit ikkje kva som er årsaka til at det er så få jenter i nord som tar båtførarbeviset. Men det er grunn til å gratulere jentene i sør som tar ansvar og ikkje lèt det berre vere gutane som fører båten, seier administrerande direktør Bernt Nilsen i Norsk Test til NTB.

LES OGSÅ: Redningsselskapet vil ha strengare krav til båtførarprøven

Trygt i hamn
Redningsselskapet har mellom anna peika på tryggleiksrisikoen ved at ikkje fleire om bord er båtkyndige.

– Tryggleiken er det viktigaste argumentet, at begge kan køyre båten i ein kva som helst situasjon. Om det skjer noko, kan begge to føra båten heim, seier skipper på redningsskøyta «Horn Rescue», Kai Jensen, til NRK Østfold.

Skipperen kunne tenkje seg eit «Slepp roret, gubbe!» kurs, for å få menn til å la kvinnene kome meir på banen.

For å bøta på den tradisjonelle rollefordelinga til sjøs har Redningsselskapet tidlegare arrangert eigne praktiske- og teoretiske kurs kalla «Ta roret, kjerring!».  Her kan du sjå ein film frå eit slikt kurs:

Ta roret kjerring from Redningsselskapet on Vimeo.

Faktaboks

Kvinnedel båtførarbevis første halvår 2015

Oslo 37 %

Aust-Agder 36 %

Telemark 35 %

Vest-Agder 34 %

Akershus 33 %

Rogaland 31 %

Vestfold 31 %

Hordaland 30 %

Sogn og Fjordane 29 %

Østfold 27 %

Buskerud 25 %

Hedmark 24 %

Sør-Trøndelag 22 %

Møre og Romsdal 19 %

Oppland 19 %

Troms 18 %

Nordland 16 %

Finnmark 14 %

Kjelde: Norsk Test, Sjøfartsdirektoratet