Jussprofessor: Kommunar slår seg saman ulovleg
Sandefjord, Andebu og Stokke har fått lov til å slå seg saman utan å halde val på nytt kommunestyre. Det er ulovleg, slår jussprofessor Jan Fridthjof Bernt fast.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dei tre kommunane i Vestfold blir frå 1. januar 2017 éin, men det skal skje utan nytt val. I staden skal kommunestyra sjølve setje saman det nye kommunestyret.
– Det går ikkje an. Det finst berre éin måte å velje eit nytt kommunestyre på, og det er ved eit val der alle røysteføre for stemme, seier Jan Fridthjof Bernt, professor ved Universitetet i Bergen til Klassekampen.
Ettersom samanslåinga er den første i kommunereforma, fryktar Bernt at framgangsmåten kan skape presedens. Han undrar seg stort over framgangsmåten til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
– Vi må hurtig få ei god forklaring på kvifor departementet meiner det har kompetanse til å fastsetje og samtykke til val som så klart strir mot det som står i vallova og kommunelova om val til kommunale organ, seier Bernt. (©NPK)