Hawaii forbyr plastposar

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvart år blir det produsert mellom 500 og 1000 milliardar plastposar, som er eit enormt bidrag til plastavfall som flyt i og øydelegg verdshava. No blir det produsert noko færre, etter at Hawaii bestemte at daglegvarebutikkar ikkje lenger får gi ut plastposar. Det skriv Huffington Post.

LES OGSÅ: Slik skal 20-åringen reinska verdshava

Store deler av Hawaii hadde allereie eit slikt forbod på plass, og etter at Honolulu, der det bur flest menneskjer, kasta seg med, er det no forbod mot plastposar i butikk i heile staten.

Det er eit par unntak – nedbrytbare plastposar og posar som blir nytta i medisinsk arbeid er til dømes lov enno – men det blir mykje mindre plastavfall å sjå på Hawaii framover.

Fleire andre byar og land har innført liknande forbod allereie, for å unngå den enorme forureininga av verdshava som plastposane fører med seg. Mellom anna har Mexico City eit liknande forbod, Rwanda har hatt forbod mot plastposar i fleire år, og fleire store byar i India har same vedtak. Ei litt større oversikt kan du sjå hos How Stuff Works.

LES OGSÅ: Poseforbruket må kuttast med 80 prosent

I Noreg har også plastposane blitt diskutert mykje – då den såkalla «poseavgifta» skulle komma, var reaksjonane sterke. Nyleg kom EU med eit krav som gjer at plastposeforbruket i Noreg må ned med heile 80 prosent innan 2025.

Ein nordmann brukar i snitt 200 plastposar i året.

LES OGSÅ: Ein posefri kommentar