17,5 millioner til kampen mot ekstremisme
Gjennom to nye tilskotssordningar vil regjeringa gjera ein større innsats mot radikalisering og valdeleg ekstremisme.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
17,5 mill til kampen mot ekstremisme
– Mange kommunar har etterlyst ekstra midlar for å setje i gong større prosjekter. No innfører vi to nye tilskotsordningar for å førebygge radikalisering og voldelig ekstremisme, seier statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet, Jøran Kallmyr (Frp) i ei pressemelding.
LES OGSÅ: Ny organisasjon mot ekstremisme
Kommunale prosjekt
Tilskotet frå Justis- og beredskapsdepartementet skal gå til konkrete kommunale prosjekt innan førebygging eller bekjempelse av radikalisering og voldelig ekstremisme, medan Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementets tilskot rettar seg mot frivillige organisasjonar i samarbeid med kommunane.
Prosjekta skal evaluerast, slik at erfaringane kan delast og på den måten kome andre kommunar til gode. Erfaringane vil dessutan vere nyttige for utviklinga av nye, spissa tiltak – både på lokalt og nasjonalt plan. Midlane til begge tilskotsordningane blei løyva av Stortinget i Revidert nasjonalbudsjett 2015.