Spelar seg smartare
Kan Angry Birds vere med å løyse utdanningskrisa i verda? Det meiner marknadssjefen i selskapet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Å lære medan ein har det gøy, det er det viktigaste for oss, seier Peter Vesterbacka, marknadssjef i Rovio til NRK, då han deltok på utdanningskonferansen Oslo Education Summit tysdag.
Vesterbacka meiner elektroniske lærespel kan vere med å hjelpe på utdanningskrisa. Selskapet hans har utvikla spelet Angry Birds Space i samarbeid med NASA.
– Det heile starta med ei twitter-melding faktisk. Det var ein i NASA som tvitra om at det hadde vore morosamt om vi nokon gong fann grisar i verdsrommet, fortel Vesterbacka.
Det resulterte i eit samarbeid med den amerikanske romfartsetaten. Angry Birds Space har blitt lasta ned tre milliardar gonger og har blitt ein av dei mest populære dataspela i Angry Birds-serien. Medan ein skyt dei animerte fuglane ut i verdsrommet lærar ein om solsystemet og korleis det fungerer.
LES OGSÅ: Zombiespel i klasserommet
Håpar på meir engasjement
Selskapet Rovio samarbeidar med organisasjonen «A world at School» som har som mål å sikre utdanning for barn i utviklingsland.
Vesterbacka håpar fleire frå næringslivet og underholdningsbransjen engasjerer seg for utdanningssaken og bruker teknologien til utdanningsføremål.
– Det er viktig at vi i næringslivet tek ansvar for å kome med enkle og engasjerande IT-løysingar. Om vi kan klare å få til tre milliarder nedlastingar av dette spelet kor vanskeleg kan det vere å få 59 millionar barn på skulen, meiner Vesterbacka.
LES OGSÅ: Lagar Minecraft-museum i skuletida