Krev høgare BSU-grense

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Om BSU skal verke slik at fleire unge kjem inn på bustadmarknaden, så må den aukast kraftig, seier nestleiar i Unge Høgre, Sandra Bruflot, til NRK, som først meldte om saka.

LES OGSÅ: Rekordauke for BSU

Vil ha meir
På statsbudsjettet for 2014 auka regjeringa både maksgrensa for kor mykje ungdom kan spara i BSU og kor mykje skattefrådrag dette gjev. (Sjå faktaboks.)

FpU-formann Atle Simonsen gler seg over auken, men vil ha enno meir for at ungdom skal få ein reell moglegheit til å betale det eigenkapitalkravet som bankane stillar.

Framstegspartiets ungdom krev at det årlege sparebeløpet vert auka til 40.000 kroner i året, og totalbeløpet til 300.000 kroner.

Dei foreslår å ta pengane frå anten landbruks- eller bistandsbudsjettet.

Akkurat dette får KrFU-leiar Emil André  Erstad til å reagera:

LES OGSÅ: Ungdom sparar meir

A- og B-lag
Òg Unge Venstre-leiar Tord Hustveit er skeptisk. Han meiner ei auka BSU-grense er feil veg å gå.

– Det er eit skattesystem i Noreg som gjer at det lønar seg veldig å spare og investere i bustad. Det har ført til eit A- og eit B-lag i Noreg der dei som er inne i bustadmarknaden får veldig mange goder. Det å auke BSU-grensa vil vere med å forsterke det. Då gjev du eit skattelette til dei som har råd – eller kjem til å få råd – til å kjøpa bustad, medan alle andre vert sitjande å betala for desse som allereie har det ganske bra, sa Hustveit då han i går gjesta Dagsnytt 18.

Unge Venstre-leiaren føreslår å erstatte ordninga med skattelette til dei som har minst.

Faktaboks

Bustadsparing for Unge (BSU)

BSU er ei spareteneste i dei fleste norske bankar

Bankane set rentenivået, men staten bidreg med skattefradrag og set difor vilkåra for kor mykje ein kan spara årleg og at pengane må gå til bustad

I statsbudsjettet for 2014 auka regjeringa BSU-grensa frå 150.000 til 200.000 kroner

Du kan spare inntil 25.000 kroner i året og 200.000 totalt

Du får 20 prosent skattefrådrag på årets innskott, det betyr opptil 5.000 kroner årleg

For å få skattefrådraget må du ha skattbar inntekt

Du kan spare i BSU til og med det året du fyller 33 år