Du treng verken å kunne surfe eller ha randonnéeski for å drive friluftsliv, meiner leiar i DNT ung Stig Øystein Schmidt. Målet hans er å flest mogleg til å oppdage naturen.

NPK-Benedikte Grov
NPK-Benedikte Grov

 I vår blei Stig Øystein Schmidt frå Luster i Sogn valt til leiar i ungdomsorganisasjonen til Den Norske Turistforening (DNT) etter to år som nestleiar. Hans viktigaste oppgåve? Å få flest mogleg til å oppdage naturen.

– Om det er gjennom DNT ung eller på annan måte er ikkje så nøye. Eg vil at folk skal oppdage kva naturen kan gi, uansett kva dei ønskjer – om det er fart og spenning eller ro og stille. I naturen ekskluderer ein ikkje, det er plass for absolutt alle, seier Schmidt.

LES OGSÅ: Lovande medlemstal i DNT 

– For alle
Han er oppteken av at ein kjem langt med lite, og slår eit slag for det enkle friluftslivet. Kiting og surfing er fine aktivitetar, men orda treng ikkje vere dei aller første som møter ungdom som søkjer seg til DNT ung. Ein må ikkje vere friluftsekspert eller ha utstyr til mange tusen kroner for å melde seg inn.

– Rundt om i landet driv DNT ung med alt frå enkle turar, til vanskelegare turar som inneber klatring. Dersom ein må kunne slik og slik eller ha mykje utstyr for å melde seg inn, støyter ein frå seg eit stort segment som kunne likt seg på tur, seier Schmidt.

Men eit minimum av kunnskap og erfaring trengst, påpeiker han, og legg til at DNT ung ønskjer å vere ein støttespelar for dei som ikkje er særleg turvande.

LES OGSÅ: Fjellvettreglane – no på nynorsk 

Gode naturopplevingar
Sjølv oppdaga han gleda over å vere på tur tidleg i livet.

– Foreldra mine er tilhengjarar av eit tradisjonelt og enkelt friluftsliv. Dei tok meg tidleg med på tur i beremeis, og seinare på føtene. Eg oppdaga kva ein kort ettermiddagstur eller ein fjelltur over fleire dagar, kan gi, seier DNT ung-leiaren.

Interesse utvikla seg og han oppdaga at det «mykje artig» ein kan gjere ute, om det handlar om kiting eller tradisjonelle langturar.

Med ein oppvekst i Luster i Sogn og studentliv i Volda på Sunnmøre, vedgår han å vere litt bortskjemd på natur og naturopplevingar.

– Det har òg motivert meg til å få med andre på tur, eg merkar kor mykje det har gitt meg. Eg får glede berre av å ta på meg ei hovudlykt og ta ein tur i skogen. Det å skape gode naturopplevingar er grunnen til at eg driv med det eg gjer, seier han.

LES OGSÅ: DNT ut mot snøscooter-politikk 

Dei unge vil til fjells
Ei undersøking frå NHO reiseliv viser at over 60 prosent av dei i aldersgruppa 18– 29 år har planar om turar til fjells i sommar. Schmidt tolkar talet til at det står bra til med turinteressa blant norsk ungdom.

– Dei 63 prosentane skil seg ut på meiningsmålinga. Vi har dobla medlemstala dei siste ti åra, det viser at ungdom har interesse for natur og friluftsliv. Ein ser at ferievanane endrar seg, at fleire søkjer ein anna type ferie. At fjellet er ein del av det, er veldig artig, seier han.

Og DNT ung-leiaren er ikkje vond å be om tips for dei som vil nytte ferien til ein fjelltur eller to.

– Det er så mange fine område i Noreg. Eg må nemne Jotunheimen vest, seier han, og ramsar opp Utladalen, Skogadalsbøen, Hurrungane.

– Sunnmørsalpane er meg òg kjære. Området rundt Norangsdalen og Hjørundfjorden, Patchellhytta og Slogen er fine turmål, seier han, og må leggje til Hardangervidda, Rondane, Trollheimen.

– Men det er ikkje så langt å kome seg ut som ein trur, uansett kvar ein bur.

LES OGSÅ: Går og bloggar Noreg på langs 

– Set realistiske mål
Skulle ein likevel oppleve det som ei litt større kneik å kome seg ut, har Schmidt har råd også til dei.

– Eg tenkjer at viss ein ikkje er vand i det heile, må ein ta visse forholdsreglar for at det skal bli ein bra tur. Det første tipset mitt er å reise ut når det er godt vêr. Viss ikkje sit ein ikkje att med ei god oppleving. Eg oppfordrar òg folk til å ta med venner på tur. Det gjer eg ofte. Eg opplever at folk har fått mange gode opplevingar når dei prøver noko nytt. Det tredje tipset er å setje seg mål som er moglege å gjennomføre, seier han.

LES OGSÅ: Sjå alt frå Vinjerock!

Dugnadsinnsats
Hans eigne sommarplanar handlar om å vere vertskap på Tørvis Hotell i Marifjøra ved Lustrafjorden saman med søskena, og gå turar i nærområdet. Dessutan har han mål om å nå toppen av Trolltunga, og skal til Vinjerock. DNT ung er på plass på festivalen i Jotunheimen. Og mange andre stader.

– Det er 50 lokalgrupper rundt om som arrangerer turar, kurs og aktivitetar, alt frå hytte-til-hytte-turar til stisykling og surfing. Det er eit breitt spekter av turar over eit stort geografisk område. Det er kjekt å sjå. Lokallaga og dugnadsinnsatsen er avgjerande i DNT ung, fortel han.

Leiaren ønskjer at organisasjonen skal ha noko å tilby nokon kvar.

– Eg håpar jo det. Eg håpar folk vil sjå at DNT ung er for alle, seier Stig Øystein Schmidt. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE