Åtte år etter at han vart lam då han vart angripen av ei ku, var Odd Stokke attende på varden han sjølv har bygd.

Morten Sæle, Nordhordland
Morten Sæle, Nordhordland

 Saka var først publisert i Avisa Nordhordland.  

– No fekk eg lov til å komma opp att på Tveitanipa, og det set eg stor pris på.

Det seier Odd Stokke, trygt plassert framfor varden som han sjølv har reist på den 243 meter høge toppen.

Odd Stokke var ein aktiv stiryddar til Tveitanipa, men for åtte år sidan, ein kveld han var på ein av sine arbeidsøkter, vart han angripen av ei sint ku med kalv. Skaden han fekk var så alvorleg at han vart lam.

LES OGSÅ: Vil gjere det enkelt å kome seg ut 

– Då eg starta på denne stien oppover var det så mykje einer. Eg sa til meg sjølv, her må det ryddast litt, seier Stokke til dei over 60 frammøtte som hadde tatt turen til toppen for å ta i mot han.

Forundra
– At det har vore så mange som har brukt denne vegen har forundra meg meir enn ein gong. Det har vore ei stor glede for meg å kunne laga til noko som mange har kunna nytta, seier ein tydeleg rørt Stokke.

– Eg er veldig glad for at eg klarte å vera med og få komma opp att på Tveitanipa etter åtte år. Eg snakkar ofte med folk som går her oppe, som har skrytt av at dei synest det er fint å komma opp her, seier han.

LES OGSÅ: Lovande medlemstal i DNT 

– Ein ser veldig godt her oppe. Om det ikkje er så veldig høgt, så er det god utsikt, seier Stokke, som rettar stor takk til dei som ordna med turen.

– Eg vil takka hjarteleg dei som har sett i sving dette, seier han.

– No fekk eg lov til å komma opp att, og det set eg stor pris på.

– Odd si forteneste
Initiativtakar til helikopterturen er Sølvi Knudsen. Ideen fekk ho etter løpet Tveitanipa opp.

– Eg føler meg sjølv privilegert som kan gå i skog og mark. Etter arrangementet med Tveitaløpet vart det veldig nært for meg at han som bygde varden og rydda vegen måtte få komma opp att på toppen.

LES OGSÅ: Fjellvettreglane – no på nynorsk 

– Folk gjekk ikkje der før, det er Odd sin forteneste at ein kan gå til Tveitanipa, seier ho.

Dugnadsløft
– Eg tenkte at det måtte la seg gjera å ordna ein tur opp. Eg spurte andre om dei likte ideen, og ringde og ordna med Røde Kors og Fonnafly før eg kontakta Odd, eg måtte jo høyra om han ville vera med, og det ville han, seier ho.

Rotary bidreg, og private har bidrege med resten.

– Det har vore eit lite dugnadsløft. Det som vert til overs får Røde Kors, seier Knudsen.


Helikopteret vart møtt med jubel og vaiande flagg på toppen av Tveitanipa. (Foto: Morten Sæle)


Odd Stokke kunne nok ein gong nyta den fantastiske utsikta frå varden han sjølv har bygd på toppen av Tveitanipa. (Foto: Morten Sæle)


Marsipankake høyrer med i alle store anledningar. (Foto: Morten Sæle)


Odd Stokke takka hjarteleg for turen, her med initiativtakar Sølvi Knudsen. (Foto: Morten Sæle)


6. juni 2007 skreiv Odd Stokke i boka på toppen sist. Onsdag kunne han nok ein gong setta namnet sitt i turboka på det populære turmålet. (Foto: Morten Sæle)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02

Kommentarar

ANNONSE