Boksalet aukar

Så mange som 36 prosent av oss oppgir å ha kjøpt 10 eller fleire bøker det siste året.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nettsalet av bøker er aukande, opplyser Bokhandlerforeningen. Men framleis er det bokhandelen som gjeld.

Trass sterk konkurranse frå nye medium, er vi framleis eit boklesande folk. Delen som oppgir at dei har kjøpt bøker det siste året har auka med 4 prosent frå i fjor. 71 prosent av oss kjøpte ei eller fleire bøker sist år.

Men det er i butikk vi føretrekkjer å kjøpe desse bøkene – bokklubbsalet har gått markant ned dei siste åra, medan nettsalet av bøker aukar svakt: 10 prosent gjennom dei siste 10 åra.

Nokre av oss er skikkelege lesehestar. Så mange som 36 prosent av oss oppgir å ha kjøpt 10 eller fleire bøker det siste året.