Har du fått varmesjokk av sommaren som plutseleg kom? Då bør du lese denne saka.

Teknisk Ukeblad gir tre råd om korleis ein kan kjøle ned eit rom, utan å eige varmepumpe eller air-conditioner. Avisa har prata med professor Hans Martin Mathisen ved institutt for energi- og prosessteknikk på NTNU. Han kjem med fleire tips for effektiv kjøling av heimen.

Markiser og persienner
Det første rådet han kjem med er å skjerme for sola.

– Det første ein må tenke på er å hindre at varme frå solstrålar slepp inn. Aller helst bør dette gjerast med utvendige markiser eller persienner. Om ein ikkje har dette bør ein nytte seg av lyse innvendige gardiner eller persienner, slik at mest mulig stråling reflekterast ut att gjennom glaset, forklarer han til avisa.

PC-en kan gi varmesjokk
Råd nummer to er å bli kvitt interne varmekjelder.

Teknisk Ukeblad skriv at dei fleste veit at rom blir varmare jo fleire personer som oppheld seg der. Varmen frå ein person tilsvarar berre 70-80 watt. Ein stasjonær PC gir derimot frå seg 250 watt. Det er det same som varmeutviklinga til to-tre vaksne menneske. Det same gjeld Xbox og Playstation.

– Det er viktig å slå av det som ikkje er nødvendig. Ei LED-pære gir lite varme, men ein PC som står og durar kan gi mye, seier Mathisen.

Gjennomstrøyming
Det tredje enkle tipset er å skape luftgjennomstrøyming i rommet du er i. Det ideelle er å ha eit vindauge som står lågt i rommet, kor kald luft kjem inn, medan den varme lufta strøymer ut gjennom eit anna vindauge høgt i rommet.

– Varm luft har lågare tettleik enn den kalde, og vil dermed stige opp. Det er ein fordel å ha vindauge med opning både oppe og nede, eventuelt eit med sidehengsel. Det gir betre utlufting, påpeikar professoren.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE