Torbjørn slukar 300-400 sniglar om dagen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka er henta frå Tysnesbladet

– Sniglane har lenge vore eit problem, og det har berre blitt fleire og fleire dei siste ti åra. Dei fyrste åra plukka eg dei opp for hand, men eg blei så kvalm av det, seier Torbjørn Onarheim.

No har han fått nok, og gått til innkjøp av «Snegleslukeren», eit produkt utvikla av Henry Helgheim frå Fana. Vakuumsugaren liknar på ein vanleg støvsugar og syg opp sniglar på same måte som ein støvsugar syg opp støv. Men snigleslukaren går på batteri, kan brukast ute og skal berast på ryggen.

– Eg har brukt Snegleslukeren om lag 15 kveldar denne månaden, og den har soge opp 300-400 sniglar på ein halvtime kvar kveld, fortel Onarheim.

Sniglane som blir soge opp av slukaren, blir liggjande i ein pose med giftstoff som gjer at dei ekle, små må bøta med livet. Dei daude sniglane kan kastast rett i bosset.

– Når eg er ferdig å bruka snigleslukaren, spyler eg røyra og posen, seier han.


Kan berre avgrensast
Bjørn Arild Hatteland, forskar ved Bioforsk Vest, meiner det ikkje er mogeleg å bli kvitt alle brunsniglane i hagen, men seier det fleire måtar å avgrensa dei på.

– Det er eit hav av moglegheiter. Det er meir spørsmål om kva ein ynskjer, er viljug til å setja av tid til og bruka pengar på, seier han.

Også Hatteland nemner at ein kan plukka sniglane sjølv eller bruka «Snegleslukeren».

– Frå Danmark kan ein få tak i ein lang stang med ei klype i enden, slik at ein kan plukka brunsneglar utan å få vondt i ryggen. Til klypa høyrer det også lys til, men ein må ei bytte når ein skal ut og plukka sniglane. Dersom ein vil ta livet av dei, går det an å ha ein spiker i enden av staven, seier han.