Dette har han venta på i ti månader

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er henta frå Porten.no

Klokka er elleve på kvelden. Ein gjeng på rundt 15 svært fiskeinteresserte karar i alle aldrar er samla i gapahuken ved Hæreidselva på Årdalstangen.

– Eg skal ned i hølen ved ASVO. 

– Ja, det er berre å stilla seg i kø. Du kom etter meg.

– Men då kan de to byrja å fiska etter meg då. 

Gapahuken blir fylt med latter. Det nærmar seg starten på fiskesesongen i Årdal og enkelte av karane er allereie i gong med ein lett diskusjon om kven som skal byrja kor. Dette kjem på toppen av diskusjonar om utstyr, fjorårets fiske og andre skrøner som høyrer med.

Kolet på grillen er i ferd med å slokna. Klokka er halv tolv, og eit par av fiskarane reiser seg for å komma tidleg i posisjon. Ein av dei er Stian Moen Listhaug.

Ein sjukdom

– Dette er noko eg har venta på i ti månader. Det er opninga. Det er noko med å få løyst ut spenninga i skuldrane. Lengselen starta allereie etter siste dag i fjor. 

– Så du blir ikkje litt lei etter ein sesong?

– Nei, det er meir og meir ein sjukdom, svarar han før han blir bedt om å rangera dagen opp mot julaftan og bursdag.

– Eg har blitt far ein gong. Det er det største eg kan samanlikna det med. Det er nok tett opp under det å bli far. Det overgår det ikkje, men det er ei vanvittig spenning som blir løyst akkurat når ein får bløytt fluga. 

Rekreasjon

I handa har han ei tohands flugestang. Det er stort sett det det går i, men det er også dei som har med seg slukstanga. Alle har dei eit felles mål om å få fisk, men for Listhaug handlar det like mykje om rekreasjon og avslapping.

– Du får stå og vera for deg sjølv, sjølv om det er sosialt. Og så er det eit vanvittig kick når du får fisk. Du kan kalla det ekstremsport eigentleg.

Det føltes nok som ekstremsport då fiskeinteressa verkeleg tok av for han. Forutan at Listhaug har eit par karar i familien som fiskar ein god del meir enn gjennomsnittet, var det då han fekk den første på tohandsstang at det smalt.

– Det tok heilt av då eg tok første fisken her oppe på øvste brua. Det var den første fisken på tohands. Ti kilo. Då var det gjort. 

Yngstemann på ti år

Lenger opp i elva står definitivt yngstemann i flokken Sigve Saur Midtun (10) og gjer seg klar for sin andre sesong. Med ei tohandsstang som er nesten tre gonger høgda hans står han på land og trippar og spør pappa Jim Midtun kor mykje klokka er. 

– Dette er ein veldig spesiell dag. Eg synest det er gøy å sitja ved elva og fiska. Julaftan er framleis litt større, men å fiska er ganske stort det også, seier han.

– Du veit aldri når du får fisk. Du står der og ventar, og når du får fisk, er det veldig gøy. Eg har ikkje fått fisk i elv før, men eg har fått masse på fjellet. 

Kastemiljø

I fjor deltok tiåringen på eit av kastekursa som Årdal Jeger og fiskerforening arrangerte, og ein kan tydeleg sjå at dette er noko han kan. Listhaug seier det har blitt eit fint kastemiljø i Årdal.

– Det er litt morsomt. Det er fleire av oss som driv med barmarkstrening og byrja å leika med «casting» og slike ting. Det er eit tett miljø, og sjølv dei minste blir ein del av gjengen, seier han og siktar til Sigve.

– Sjølv om det er ein individuell sport, er det sosialt også.

Då Porten.no forlot åstaden var det framleis ikkje meldt om fisk, og det er enno uvisst om dei har fått noko.