Stipendet vert delt ut til ein yngre forfattar det knyter seg betydelege forventningar til.

NPK
NPK

Stipendet på 25.000 kroner blir delt ut under opninga av Bjørnsonfestivalen i Molde onsdag 2. september.

Bjørnsonstipendet vert kvart år delt ut til ein yngre forfattar det knyter seg betydelege forventningar til.

– Dette er ein forfattar vi gjerne vil høyre meir til og vi håpar stipendet kan bidra til det, seier administrerande direktør Trine Stensen i Bokhandlerforeningen som skal dele ut prisen i Molde.

Festivalleiar Rolf Magnus Orø synest at Kleiva er ein spennande poet som allereie er blitt lagt merke til med dei to diktsamlingane sine. Ho er også dagens poet under festivalen.

Anna Kleiva er født i 1985. Ho er oppvaksen på Vinstra, men bur i Oslo. Debuten kom i 2011 med diktsamlinga «Ti liknande versjonar». Diktsamlinga «Vårar seinare» vart gitt ut i fjor og vart tildelt Natt & Dags Oslopris for Årets bok 2014. Kleiva har også gjendikta «Cæur de Lion» av Ariana Reines.

Bjørnsonfestivalen 2015 går av stabelen frå 2. til 6. september.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02
ANNONSE