– Så utruleg urettferdig

Elevane på Kvadraturen Skolesenter ana ugler i mosen då resultatet av årets norskeksamen kom.

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Elevane på allmenn påbygg ved Kvadraturen Skolesenter skjøna at noko ikkje stemte då dei fekk resultatet av årets norskeksamen. Fædrelandsvennen skriv at karakterane sprikte valdsamt og elevar med gode standpunktkarakterar strauk på eksamen. Elevane bestemte seg difor for å undersøkje saka nærare, og saman med eit par medelevar la Kristian Sløgedal ut eit innlegg på klassen si Facebook-gruppe der han spurte kva vurdering dei andre hadde fått.

Sprikande resultat
Då alle i klassen hadde oppgitt sine karakterar, sorterte Sløgedal elevane etter namn i alfabetisk rekkefølgje. Resultatet overraska han:

Dei tretten første elevane med etternamn frå A-M hadde 3,4 i snitt. Dei neste tolv frå M-Å hadde fått 1,8 i snitt. Karakter 1 er stryk og betyr difor at ein ikkje har fullført vidaregåande opplæring.
– Det er så utruleg urettferdig at eg nesten ikkje har ord, seier Sløgedal til Fædrelandsvennen

Anbefaler å klage
Rektor ved Kvadraturen Skolesenter, Morten Torkelsen, bekreftar ovanfor Fædrelandsvennen at to sensorar delte klassen mellom seg. Han seier at dette ikkje er uvanleg praksis.

Hallgeir Bø, assisterande utdanningsdirektør hos Fylkesmannen i Rogaland, seier at sensorsystemet i utgangspunktet er godt.
–  Om elevane føler at dei ikkje har fått rett vurdering, anbefaler eg dei å klage. Om fleire av klagane blir tatt til følgje skal vi ta ein prat med sensorane og vurdere om dei skal bli med vidare, seier utdanningsdirektøren.