Blosom er den høgaste kua som har levd
Med sine 190 centimeter går den amerikanske Holstein-kua Blosom inn i Guinness rekordbok.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Verdas høgaste ku
Den amerikanske kua Blosom vart målt til heile 190 centimeter over skuldrene og har difor fått plass i Guinness rekordbok for 2016, som den høgaste kua som nokosinne har levd.
Diverre døydde den historiske kua førre månad i ein alder av 13 år, ifølgje ei pressemelding frå Guinness World Records.
LES OGSÅ: Her er Noregs eldste ku
Kua var eigd av Patty Meads-Hanson frå Orangeville, Illinois, som igjen arva ho frå sin far.
Ifølgje eigaren var ingen av foreldra til Blosom unormalt høge.
– Eg gler meg til verda får møte Blosom i 2016-utgåva, men det vert bitter-søtt, seier Meads-Hanson, som behandla rekordkua si som eit kjæledyr.
Førre ku som kunne måla seg med Blosom i høgd var Mount Katahdin (1906-1910), ei Holstein-Durham-ku som målte 188 centimeter i skulderhøgd.