Neste sommar er det duka for at Harry Potter går på teaterscena i London. Det opplyste J.K. Rowling sjølv på Twitter – på 18-årsdagen for utgjevinga av debutboka «Harry Potter og de vises stein».

(NPK-NTB):
(NPK-NTB):

J.K. Rowling har gjort valet sitt blant dei hundrevis av tilboda som har komme gjennom åra med trollmannssuksess, fortel BBC.

Valet fall på ei «ny historie» kalla «Harry Potter and the Cursed Child», som vil bli sett opp ved det ruvande, tradisjonsrike Palace Theatre i Londons West End frå neste sommar – med billettsal allereie frå i haust.

LES OGSÅ: Harry Potter skapar toleranse

Sjølv om Rowling ikkje har ført historia i pennen sjølv, har ho samarbeidd om ho med manusforfattaren Jack Thorne – som tidlegare adapterte John Ajvide Lindqvists «La den rette komme inn» for teaterscenen – og med John Tiffany, som vil ha regi.

Rowling vil ikkje røpe for mykje om handlinga, som ifølgje BBC vil fortelje «den ufortalde delen» av Harrys historie, også om livet til hans myrda foreldre.

– Eg ønskjer ikkje å røpe det eg veit vil bli ein godbit for fansen, skreiv ho på Twitter, der ho også meinte at når publikum ser framsyninga vil dei gi henne rett i at teateret var «det einaste rette mediet for historia». (©NPK)

LES OGSÅ: Forskar: Difor blir du avhengig av Harry Potter

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE