Jonny Skjelvik kjem med si andre bok – no vil han vekka leselyst hos born.

Morten Sæle, Avisa Nordhordland
Morten Sæle, Avisa Nordhordland

Saka var først hos Avisa Nordhordland

Barneboka «Litt om dyr, og så god natt» er den andre boka Jonny Skjelvik gir ut. Denne gongen er det borna som er målgruppa.

– Dette er ei bok som eg har tenkt skal vera interessant bok å ha for heile søskenflokken, alle kan læra litt om dyr samtidig som ein har kosestunda på sengekanten, seier Skjelvik.

LES OGSÅ: Asbjørn Ystebø (70) vart heidra med diktsamling i si eiga kyrkje

– Eit mål eg har hatt er å bestreba meg på skriva eit språk ungane føler seg vel i. Dei orda som vert litt for Ivar Aasen-aktig har eg prøvd finna synonym for som er meir opp til språket vi snakkar i dag, seier han.

– Eg er veldig spent på tilbakemeldingane frå dei små. Eg vil at dei skal få ei god leseoppleving, og bli nysgjerrig på å finna ut meir, seier han.

– Blir språket for tungt er det med på kverka leselysten. Om fått det til står att å sjå, kjempespennande.

LES OGSÅ: Kortprosa frå Berlin

I boka kan både liten og stor læra litt om dyr, som de kanskje ikkje visste frå før. Visste du til dømes at fuglen dompap kan legga opp til ti eller tolv egg kvart år? Eller at ungane til krokodillen får gøyma seg i munnen til mora si dersom dei vert redde? Eller at viss elefanten fyller snabelen sin med vatn, så går det nesten ei full vaskebøtte til? Dette er noko av det du kan lesa meir om i boka.

LES OGSÅ: Annus Travelus

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02
ANNONSE