No kjem skattepengane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Stadig fleire får eit tidleg skatteoppgjer. Det er mogleg fordi dei aller fleste av oss no er elektroniske brukarar. Det har ført til at sjølvmeldinga er ei stadig enklare oppgåve å utføre for innbyggjarane, samtidig som vi kan levere eit raskare og sikrare skatteoppgjer, seier skattedirektør Hans Christian Holte.

LES OGSÅ: Banksjef ber folk tømme sparekontoane

Tre av fire skattytarar får skatteoppgjeret berre elektronisk. Dei 2,5 millionar skattebetalarane som har pengar til gode får desse utbetalt innan to veker, opplyser skatteetaten i ei pressemelding. Til saman får dei tilbake drygt 27 milliardar kroner.

Samtidig er det drygt ein halv million lønnstakarar og pensjonistar som må betale 7,4 milliardar i restskatt. Dei som skuldar inntil 1.000 kroner, må gjere opp for seg innan 20. august. Beløp over 1.000 kroner blir delt i to terminar med innbetaling 20. august og 24. september. (©NPK)

LES OGSÅ: – Menn forstår økonomi betre enn kvinner