Studerer du reiseliv, teologi eller marknadsføring, er sjansen liten for at du må sova åleine om nettene.

Det bør nok vera eit litt sterkare grunnlag for valet av studie, men om du er på vippen før hausten startar, kan kanskje dette vera med på å avgjera valet. Her kan du sjå kva studieretning som har mest sex – eller i alle fall sexpartnarar.

Ei undersøking gjort av Hexjam, som dei sjølv kallar The University Sex League, har skaffa oversikt over sexpartnarane til nesten 6000 britiske studentar.

Nettavisa i100, ei underside av The Independent, skriv om undersøkinga, og presenterer kva studieretningar som tek med seg flest partnarar heim.

Studieretninga med flest sexpartnarar – vinnaren, om du vil sjå slik på det – er dei som studerer reiseliv og turisme – dei tronar øvst med heile 7,72 partnarar i snitt i løpet av studietida.

Det er eit høgt tal, og dei ligg eit stykkje framfor produksjonretta ingeniørstudiar og marknadsføring, som kjem på plasseringane rett etter.

LES OGSÅ: Sex har aldri sett slik ut

Sjå rangeringa her – teksten held fram under.

Tal frå Hexjam og i100 over kva studieretningar som har flest sexpartnarar.

Teologi og samanliknande religion overraskar kanskje om ein ser på mykje av det som blir skrive i pensum. Dei hamnar på ein fjerdeplass på lista med 6,65 partnarar i snitt – kanskje kan det skuldast på research innan meir syndige aktiviteter.

På sisteplassen hamnar kjemiingeniørane, med rett under tre partnarar i snitt i løpet av studietida. Undersøkinga tek rett nok berre med tal på sexpartnarar. Så studieretningane som ikkje hamna i toppen er kanskje meir i stabile forhold.

Undersøkinga var hovudsakleg meint som ein uformell konkurranse mellom dei britiske universiteta, så det finst ei oversikt over kva universitet som har flest sexpartnarar også. Der hamna Leeds Becket-universitetet øvst, med 8,45 partnarar i snitt. Det kan likevel ikkje måla seg med Brighton University, som toppa kåringa i fjor med heile 10,59 (!) partnarar i snitt.

LES OGSÅ: Rekordfå tenåringsabortar

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02
ANNONSE