Denne gåta er det få som klarar med ein gong. Kva lysbrytar skrur på lyspæra?

Gåta kjem frå The Guardian, og blir presentert som ein vanskeleg klassikar.

Utgangspunktet er enkelt. Du står i første etasje i eit hus, og framfor deg har du tre lysbrytarar. På loftet er det ei lyspære – og spørsmålet du skal svara på er: Kva lysbrytar skrur på lyspæra?

Du kan skru av og på lyspærene så mykje du vil, men du får berre lov til å gå ein tur på loftet for å sjå om du fekk rett svar, og det er ikkje mogleg å sjå om det lyser på loftet frå etasjen du står i.

LES OGSÅ: Nesten ingen klarar denne oppgåva

Så – korleis finn du ut kva lysbrytar som er riktig?

Alex Bellos, som presenterer gåta hos The Guardian, seier det berre er ein person han har sett løysa gåta framfor seg – og det er ingen annan enn Jo Nesbø. Men også han brukte nokre minuttar på oppgåva.

I denne videoen kan du sjå løysinga, eller så kan du lesa den under – men tenk deg om før du sjekkar!

I løysinga, som du og kan sjå hos The Guardian, forklarar Bellos kva som gjer oppgåva så vanskeleg. Det er lett å sjå på dette som ei reint logisk oppgåve, men for å finna løysinga må du tenka på fysikken og den verkelege verda. Du må trekka inn eit ekstra element i løysinga – temperaturen.

LES OGSÅ: Forsking: Vert glade av kattevideoar

Ei lyspære blir varm når ho har lyst ei lita stund. Det du må gjera, er derfor å skru på to av brytarane, og lata dei stå på i eitt minutt. Så skrur du av ein av brytarane, før du går på loftet.

Då har du løysinga framfor deg. Er lyspæra på, er det sjølvsagt den brytaren som står på som er riktig. Er lyspæra av, er det ein av dei to andre. Det er her temperaturen kjem inn. Er lyspæra av og kald, er det den tredje brytaren som er riktig, den du ikkje har rørt. Men er lyspæra av og litt varm, veit du at det er brytaren i midten, som du skrudde av undervegs.

Du kan sjå ei litt meir fyldig løysing i denne videoen – hugs å dela gåta med andre, for å sjå om dei finn løysinga!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02
ANNONSE