Are Kalvø vil ha meir «suppegjøk» og «kjærleik» inn i norsk politikk. Om det så er ville hårsveisar som må til.

mm

 Med jamne mellomrom bør ein spørje seg: Kva kan vi lære av USA? Eit land som irriterer såpass mange og som såpass mange har eit litt for romantisk forhold til, kan jo ikkje vere heilt uinteressant. Så kva kan vi lære? Mykje, sjølvsagt. Om tv-seriar. Filmar. Landevegar. Høge hus. Hattar.

Og politikk. For ingen av oss som har følgt ein amerikansk valkamp eller eit par sesongar av «House of Cards»og «Veep», kan meine at amerikansk politikk er kjedeligare enn norsk politikk.

LES OGSÅ: – Håpar ikkje Obama er inspirert av Frank Underwood 

For tida strøymer det på med nye presidentkandidatar i USA. For nokre dagar sidan meldte for eksempel rikingen Donald Trump at han er klar til å bli president. Og i løpet av eit kvart sekund var internett fullt av hårvitsar. Politiske slagord som «We shall overcomb» blei lanserte, og folk delte bilde av dyr med same frisyre som Trump.

Kva kan vi lære av dette? Jo. At viss håret ditt er oppsiktsvekkande nok, så kan du seie nesten kva som helst. Trump har verkelig sagt og meint mykje rart. Og han må kunne seiast å vere relativt full av seg sjølv og litt over gjennomsnittlig opptatt av pengar. Når han seier at han vil bli president i USA, er han likevel først og fremst mannen med historias mest hysteriske hentesveis.

Om samferdselsministeren denne veka hadde møtt dei streikande togfolka med hanekam, for eksempel, så er det neppe så mange som hadde lagt merke til kva han sa. Og han ville unngått kritikk for innhaldet. Han ville naturligvis fått litt kritikk for å vere useriøs, eller for å ha ein useriøs frisør. Men det er nok til å leve med.

Om norske politikarar litt oftare såg vanvittige ut på håret når dei greip ordet på Stortinget, så kunne dei sagt nesten kva som helst. Og det kan ikkje skade. For ein kan seie mykje om det politikarar seier på Stortinget, men kva som helst er det verkelig ikkje. Tvert imot.

LES OGSÅ: Bruken av «i forhold til» stuper 

Det har nylig blitt lansert ei teneste på nettet til glede for alle som lever ekstremt fattige liv med mykje fritid og fåsunne interesser. På nettstaden «Holder de ord?» kan du no søke på ord i innlegg på Stortinget. Og slik kjem du fort til relativt deprimerande funn som at norske folkevalde  sa «fokus» nesten fire hundre gonger i fjor. Dei sa «ansvarlig» nesten to hundre gonger og «budsjett» ni hundre gonger. «Dust» har berre blitt sagt to gonger sidan år 2000, ein gong av Trine Skei Grande og ein gong av Olemic Thommessen, faktisk. «Suppegjøk» har aldri blitt sagt frå Stortingets talarstol. Ikkje «livskiten» heller. «Barsk» har blitt sagt berre to gonger sidan tusenårsskiftet, men aldri om folk. «Elsker» har aldri blitt sagt. «Kjærleik» har blitt sagt berre ni gonger sidan år 2000, og ofte av KrF-politikarar, så det tel ikkje. 

Det kan med andre ord ikkje skade om norske politikarar seier litt meir oppsiktsvekkande ting. Og om det er slik at dei er redde for konsekvensane og kritikken, så kan det kanskje hjelpe å lære av USA. Så derfor seier eg til norske politikarar: Bruk sommaren til å førebu nokre skikkelig oppsiktsvekkande innlegg. Og om du er redd for at folk skal bli sinte på deg, så gå for ein skikkelig rar frisyre, så er det ingen fare for at folk henger seg opp i det du seier.

Til hausten vil eg sjå Trygve Slagsvold Vedum med parykk. Eg vil sjå Jonas Gahr Støre med hockeysveis. Eg vil sjå Abid Raja kopiere Kate Gulbrandsen frå Melodi Grand Prix i 1987. Eg vil sjå Rigmor Aasrud med bolleklipp.

Eller, eg vil jo ikkje noko av dette. Eg er ikkje sjuk heller. Ikkje på den måten. Men om det er dette som skal til for å oppnå litt meir «suppegjøk» og «kjærleik», og litt mindre «fokus» og «ansvarlig» i politikken, så lever eg med det. Lett.

Først publisert i Aftenposten 20. juni.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02

Kommentarar

ANNONSE