Folkelarm med sterkare nordisk profil

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Vi kan i år by på noko av det aller mest aktuelle og spennande som finst av folkemusikk i Norden, seier prosjektleiar Sigurd Reinton til Nynorsk pressekontor.

LES OGSÅ: – Folkemusikken fortener ei offentleg unnskyldning 

Han seier at Folkelarm alltid har vore oppteken av det nordiske, men at det er første gongen det nordiske samarbeidet pregar festivalen så mykje som i år. Dette går att både i samansetjinga av artistar og i andre delar av programmet.

– Vi har i år fleire nordiske artistar enn nokon gong med både finske, svenske og danske deltakarar, seier Reinton, og nemner mellom anna den svenske duoen Hazelius Hedin, det svenske bandet Skenet og finske Aallotar.

– Norske Ragnhild Furebotten er også svært kjend for mange, seier han.

Folkelarm er det største bransjetreffet for folkemusikk og folkedans i Norden. Treffet blir arrangert på Riksscenen i Oslo. Dei tre dagane Folkelarm går av stabelen byr arrangørane på eit tettpakka program med musikalske opplevingar, danseframsyningar og ei rekkje seminar.

LES OGSÅ: Barn av folkemusikken 

Nordisk folkemusikk ut i verda
I tillegg til prisutdelingar og kåring av «Årets folkemusikar», lanserer Folkelarm i år NordicFolk – eit nytt nordisk samarbeidsprosjekt for folkemusikarar på tvers av dei nordiske landegrensene.

– Dei nordiske tradisjonane har tette band, og nordiske folkemusikkutøvarar samarbeider godt på eit kunstnerisk plan. No er det på tide å ta samarbeidet eitt steg vidare og arbeida for å gjera kvarandre betre, skriv arrangørane om bakgrunnen for tiltaket.

Reinton har stor tru på prosjektet.

– Ei sameint nordisk satsing på eksport av folkemusikk vil verkeleg kunna skapa noko stort. Får vi på plass ein solid nordisk motorveg ut i verda, kan norsk folkemusikk bli ei av dei viktigaste musikkeksportvarene, seier prosjektleiaren for Folkelarm2015. (©NPK)