Skildringar frå oppveksten til løparen Urige Buta frå Etiopia gjorde inntrykk på elevane ved Ølen skule.

Grethe Hopland Ravn, Grannar
Grethe Hopland Ravn, Grannar

Saka var først publisert i Grannar. 

Mellomtrinnselevane ved Ølen skule har dei årlege cardio-vekene rett før skuleslutt, og tysdag denne veka fekk dei besøk av trenar Erling Askeland frå Etne som ville gi dei gode tips før elevane skulle springa Osen rundt på tid. Dette er ei løype som målar 3.000 meter.

LES OGSÅ: Nytt prosjekt skal få fleire til å lika gym 

— Cardio-vekene er noko me har hatt i fire år nå, og i år har me fokusert litt ekstra på løp og løpsteknikkar. Derfor har me invitert Erling Askeland til skulen, sidan han er ein svært erfaren mann innan denne greina og han kan gi elevane gode tips og råd. Cardio-vekene går over fire veker og målet er å komma i betre fysisk form ved å testa seg sjølv i ulike aktivitetar og å konkurrera mot seg sjølv. Me ønskjer også at dei skal oppdage gleda ved å vera i god form og oppleva samhald gjennom å trena i lag med andre, seier lærar Silje Tjelmeland Øren.

Askeland skal snakka om springing, løpsteknikk og treningsmetodar til elevane, men det dei ikkje veit, er at Askeland har med seg ein svært så celeber gjest. Nemleg Urige Buta som spring for Haugesund IL, og som Askeland har vore trenar for i elleve år fram til i fjor.

Buta har tolv NM-gull, og heile 14 NM-medaljar, og har vore med i EM, VM og OL, med løpstider som er eineståande.

LES OGSÅ: Tre av ti hatar gym 

Spennande Buta
Elevane viser tydeleg at det er spennande å ha ein profesjonell idrettsutøvar med seg, og Urige Buta viser seg å vera ein svært jordnær mann. Han fortel engasjert om korleis det var å veksa opp i fattige Etiopia, der dei måtte gå over åtte kilometer – kvar veg – for å komma til skulen. Ikkje hadde dei sko, ikkje hadde dei råd til å ha med seg niste på skulen og elevane vekslar blikk når Buta fortel at han måtte bli heile 15 år før han fekk sitt første par sko. Fleire elevar får stilla han spørsmål og Buta svarar så godt han kan.

Dei får høyra om Buta sine treningsmetodar, matvanar, treningstider og korleis ein trenar seg opp igjen etter ein skade. Erling Askeland fortel elevane at Buta sine personlege rekordar er 28.24 minutt på 10.000 meter, 1.01.48 minutt på halvmaraton og 2.09.27 på heilmaraton. For å setja dette i perspektiv for elevane, har han gjort dei om til 60-meterstider, for å eksemplifisera bestetidene til Buta for elevane.

— Om ein skal gjera om den personlege rekorden på 10.000 meter, kan ein samanlikna det med å springa 60-meteren på tida 10.3 heile 166 gonger etter kvarandre utan stopp. På halvmaraton kan ein samanlikna rekorden med å springa 60-meteren på tida 10.5 heile 351 gonger etter kvarandre og på heilmaraton blir det 703 60-metrar etter kvarandre utan pause, på tida 11.00 per 60-meter, seier Askeland.

Dette fekk elevane til å gapa og halda pusten.

Elevane er også nysgjerrige på om Buta har vore på tv eller i avisene nokon gong, og då Buta kan svara «mange gonger» til begge deler, er det fleire som råka av ein aldri så liten stjernesmell.

LES OGSÅ: Gym kvar dag gjev flinkare elevar 

Gav alt
Etter teori og ei oppvarmingsøkt startar løpet rundt Osen. Urige Buta spring med for å inspirera elevane og vekslar på å springa med dei fremste så vel som dei som ligg bak. For dei raskaste tar det ikkje meir enn ti gode minuttar før førstemann er i mål, og denne gong var det Tolleiv Helgesen i sjuande klasse som sprang raskast med tida 10.13. Han har vore med på dette tre gonger no, og kan konstatera at tida har betra seg år for år.

— Tida er betre i år enn ho var i fjor, men dette var tungt, seier han mens han pustar tungt. Han legg likevel til at han er svært fornøgd med tida si.

Sjetteklassingen Synne Økland var første jente i mål og ho seier det same som Helgesen.

— Det var ganske tungt.

To jenter som var med cardio-vekene for aller første gong var Hyre Dervishaj og Cathrine Søndenå. Dei synest det har vore veldig kjekt, og ser fram til neste år allereie. Begge er fornøgde med tidene sine på 14.39 og 14.37, men har som mål å betra dei til neste år.

LES OGSÅ: Uroa over slapp ungdom 

Positive resultat
Lærar Øren kan fortelja at gjennom dei fire cardio-vekene har klassane fire treningsøkter per veke. Dei kan variera frå ein til to timar kvar gong, og ei økt i veka er felles for heile mellomsteget.

— Noko av opplegget denne perioden varer også ein heil dag og timane som blir brukte til dette er fysisk fostring- og kroppsøvingstimar. Me ser svært positive resultat på dette opplegget, både med tanke på fysiske forbetringar og glede hos elevane. Me merkar også betre aktivitet i timane denne perioden og tilbakemeldingane har vore gode, både frå heim og frå elevar, seier Øren.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02

LES OGSÅ

ANNONSE