Yahya Hassan vart ikkje folkevald

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den dansk-pakistanske poeten Yahya Hassan (20) erklærte i april at han ville satsa som politikar.

Hassan ynskje å stille som kandidat for det nyoppretta Nationalpartiet, men partiet klarte ikkje å samla inn dei 20.260 underskriftene som krevst for å stille i det danske folketingsvalet.

Nationalpartiet vart starta i 2014 av tre danskar med pakistansk bakgrunn, som ein reaksjon på høgrevridinga i utlendingspolitikken.

Yahya Hassan valde i likheit med fleire andre av partiets kandidatar å stille som sjølvstendig kandidat, sidan ein då berre treng 150 underskrifter.

Med 0,2 prosent av stemmene i sin valkrins var han likevel langt frå å verte folkevald, melder danske Politiken på sine nettsider.

I dag omtala Yahya Hassan sjølv valnederlaget på si Facebook-side:

Blått att
Ved gårsdagens val fekk den blå blokka 90 mandat, medan den raude blokka fekk 89 mandater.

Det betyr regjeringsskifte og at Danmarks nye statsminister er leiar i partiet Venstre, Lars Løkke Rasmussen

Han sat som statsminister i perioden før Helle Thorning-Schmidt, som har varsla at ho trekkjer seg som leiar i Socialdemokraterne etter valnederlaget.