Folkets røst

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter mange timar med vaflar og diskusjonar, blei partia på Stortinget denne veka einige om kor mange flyktningar dei vil ta imot. SV syntest det var for få, og trekte seg, sikkert til stor glede for dei som ikkje får komme til Norge men som no i alle fall kan trøste seg med at SV liker dei. Frp syntest det var for mange, og heldt krisemøte der dei kom fram til at dei ønsker seg ei folkeavstemming om spørsmålet. Tanken er at det finst spørsmål som er så viktige at folket må få seie kva dei meiner. Og det er jo ein tanke det er vanskelig å seie seg ueinig i.

Men så får vi jo eit problem.

For spørsmålet blir jo då om det er nok med folkeavstemming om denne saka. Det finst jo mange andre saker som også er viktige. Og folk har heilt ulike meiningar om kva som er viktig og ikkje viktig. Det blir vanskelig å forklare kvifor ein skal ha folkeavstemming om akkurat flyktningar, og ikkje om oljeboring, reservasjonsrett, sjukehusstrukturen, skulepolitikken, klimapolitikken, politireforma. Eigentlig burde jo folket få seie kva dei meiner om alt dette.

Men då får vi jo endå eit problem.

For då blir det jo folkeavstemmingar heile tida. Og viss politikarar og organisasjonar og aktivistar skal drive valkamp før kvar einaste folkeavstemming, då vil jo ikkje folk få tid til anna. Og då hjelp det jo ikkje så mykje at folket får sagt kva dei meiner om alt mulig, viss ingen har tid til sette desse meiningane ut i livet.

Så vi har eit problem.

Det ideelle hadde vore om ein kunne finne opp ei ordning der folk får sagt kva dei meiner om mange saker på ein gong. Kanskje til og med alle saker. Tenk om vi kunne finne opp eit system der alle fekk seie kva dei meiner om alt?

Eg veit at dette høyrest utopisk og litt hippie-aktig ut, men høyr meg ut.

Tenk om vi kunne ordne det sånn at folk – alle! – vel nokon til å gjere det folk vil. Kanskje kan dei som vil veljast organisere seg i grupper. Vi kan for eksempel kalle det parti. Og så kan dei ulike partia lage program og brosjyrar og delta i debattar og slikt, slik at folk veit kva dei ulike partia meiner om ulike saker. Og så, med nokre års mellomrom, kan folk få lov til å velje mellom desse partia. Ei slags folkeavstemming om alt, om du vil. Og før folkeavstemminga, så kan partia halde talar på torg og gå frå dør til dør og dele ut flygeblad med bilde av barn og ballongar. Og kanskje kan det vere debattar på radio og tv, og partitestar på nettet. Og kanskje kan dei ulike partia vere på nettet også, slik at folk kan gå inn og lese kva dei står for, og kanskje til og med stille spørsmål til politikarane frå desse partia. Og så, etter alt dette, kan folk få seie kven dei synest skal styre. Kanskje kan folk gjere det også på nettet? Eller i ein gymsal. Det går også.

Og så tel ein opp stemmene, og så får dei ulike partia representantar etter kor mange som har stemt på dei, slik at det blir rettferdig, og så finn partia ut korleis dei best mulig kan styre slik folk ønsker fram til neste gong. Og – og det er dette som er det mest geniale med ideen – viss folk då ikkje er fornøgde med måten partia har styrt på, då kan dei berre velje nokon annan neste gong.

Hadde det ikkje vore noko?

Er det ikkje ein vakker idé?

Nesten for vakker?

Men det kjem aldri til å fungere i praksis, sjølvsagt.


Først publisert i Aftenposten 13. juni.

Kos deg med fleire Are Kalvø-tekstar her!