Bibliotekfornyaren
Ho har vore med å byggja opp Litteraturhuset i Oslo sidan det var ein bygningsplass. No skal ho leia arbeidet med å utvikla biblioteka i heile Noreg.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Måndag 22. juni tek Monica Helvig til i ei nyoppretta stilling som prosjektleiar for bibliotekutvikling ved Nasjonalbiblioteket.
– Det er den typen jobb eg er glad i. Alle store, skikkelege jobbar eg har hatt, har vore slike ingen har hatt før, seier Helvig som har vore nestleiar på Litteraturhuset i Oslo sidan oppstarten for åtte år sidan. Tidlegare har ho mellom anna vore prosjektleiar for Idrett og lesing i Foreningen les.
Biblioteka som møteplassar
I pressemeldinga som Nasjonalbiblioteket sende ut om tilsetjinga av henne, heitte det at ho skal leia arbeidet med å kartleggja og utvikla folkebiblioteka som møteplassar og kulturarenaer.
– Bakgrunnen for stillinga er den nye formålsparagrafen i biblioteklova som seier at biblioteka framover skal fungera betre som litterære og kulturelle arenaer, forklarer den påtroppande prosjektleiaren.
Det er slutt på den tida då biblioteka berre var ein plass for bokhyller og bøker, blir det sagt. I tillegg til å formidla kunnskap, skal biblioteka også gje folk kulturelle opplevingar og tilby dei andre aktivitetar.
Tanken er at slike aktivitetar kan skapa gode synergieffektar som fører til at fleire finn vegen til biblioteket, og at biblioteka rett og slett blir ein god stad å vera. Kanskje fører det også til at fleire får lyst til å lesa bøker.
Helvig peikar på at det finst få andre felles møteplassar i Noreg i dag, og at rolla til biblioteka som møteplassar og folkeopplysar dermed blir endå viktigare i tida framover.
Ho legg til at ein del bibliotek allereie fungerer på denne måten, men meiner mange bibliotek har eit stort utviklingspotensial på dette området.
LES OGSÅ:Her er Årets bibliotek
Matnyttig mal
Noko av det første ho vil gå i gang med er å laga ein slags standard for korleis biblioteka kan bli flinkare til å skapa litterære og kulturelle møteplassar.
– Det kan omfatta alt frå planlegging av program til kva type arrangement som fungerer og korleis bibliotek som ligg i ein by eller i ein region kan samordna ulike aktivitetar, forklarer ho.
Bibliotekarane skal også få praktiske tips til korleis dei med enkle grep kan gjera lokalet meir intimt og hyggjeleg.
– Dette er ting vi kanskje ikkje tenkjer over, men som er svært viktig for at eit arrangement skal fungera profesjonelt, seier nestleiaren for Litteraturhuset, som har god trening i å vurdera alt frå kva som skal til for å trekkja folk og skapa vellykka arrangement, til korleis eit hus fungerer.
Opne hus – gode opplevingar
Å skapa eit ope hus med ein låg terskel for å koma inn er blant dei viktigaste erfaringane ho tek med seg frå tida på Litteraturhuset.
– Du er ikkje redd for at du legg lista for høgt?
– Nei, det er eg ikkje. Når vi først skal gjera biblioteka til litterære arenaer, må vi leggja lista litt høgare enn ho er i dag, seier Helvig bestemt, og legg til at ho ikkje er så glad i ordet profesjonalisera.
– Det eg snakkar om er å laga gode opplevingar for publikum.
LES OGSÅ:– Avgjerande tiår for biblioteka
Lokal tilpassing
Bibliotekutviklaren er fullt klar over at det er stor skilnad på bibliotek i grisgrendte strøk med éin tilsett og store bibliotek i byane med mange tilsette. Det er noko ho vil ta høgde for i arbeidet sitt.
– Eg trur det er svært viktig med lokal tilpassing. Vi kan ikkje laga ein mal som vi seier er rett, og som vi trer ned over hovudet på folk.
Ho presiserer at standarden ho ser for seg er ein teknisk standard som kan brukast av små og store bibliotek på alle nivå. Men ho legg til at ho ikkje har noko fullgodt svar på korleis denne malen skal sjå ut før ho har fått betre kjennskap til biblioteka og geografien rundt om i landet. Målet er å besøkja flest mogleg av dei rundt 450 folkebiblioteka i Noreg.
– Treng fleire debattar
Å få biblioteka til å skapa fleire debattar er også eit mål for den påtroppande prosjektleiaren.
– Dette er noko biblioteka har vore lite flinke til. Eg trur mange er redde for å få litt spisse debattar og harde motsetningar. Det fører gjerne til at dei set saman eit panel som er omtrent einig. Det kan bli eit fint arrangement, men det blir ingen debatt, seier ho og oppmodar biblioteka til å vera modigare og meir medvitne om kva dei vil.
Ho presiserer at det ikkje er noko poeng at biblioteka lagar debattar berre for å provosera, men meiner mange bibliotek kan bli flinkare å ta opp aktuelle saker i lokalmiljøet og på den måten knyta seg sterkare til lokalsamfunnet.
Meir tid til bøker
– Får du tid til å lesa oppe i alt dette?
Monica Helvig smiler og medgjev at det er eit veldig passande spørsmål.
– Eg har mange gonger sagt at eg aldri har lese så lite som eg har gjort etter at eg tok til å arbeida på Litteraturhuset, seier ho og forklarer at det blir lite tid til koselesing sjølv om ho les mykje både norsk og utanlandsk litteratur heile tida.
– Å kosa meg meir med å lesa er faktisk noko eg har tenkt å gjera noko med når eg byrjar i ny jobb, seier den påtroppande bibliotekfornyaren. (©NPK)
LES OGSÅ:Utfordrar kommunane på bibliotek