Ny utstilling med Bjarne Melgaard.

Ingvild Aursøy Måseide, Vikebladet
Ingvild Aursøy Måseide, Vikebladet

Bjarne Melgaard har stilt ut kunst på Flø fleire gonger. På Go With The Flø blir det ny kunst av denne kjende kunstnaren.

Årets kunstival er laurdag 20. juni og sundag 21. juni.

– I år arrangerer me verdas minste og beste kunstival for sjette gong. Me hårar de har lyst til å besøkje krysninga vår av kunstfestival og bygdedagar, seier Hugo Opdal.

Han lokkar med at dei har på programmet tipptopp kunst, kunstskule for borna, kurs i kajakkpadling og nydelege kaker og matfrå bygdefolket.

Tabubrytaren

Kunstivalen byr i år på ei sjeldan salsutstilling med den internasjonale kunstscenens «enfant terrible», Bjarne Melgaard. Kunstkritikar Roberta Smith i New York Times meiner nordmannen «never met a taboo he didn't like breaking».

Til utstillinga på Flø har Melgaard måla 11 nye oljemaleri, fleire akvarellar, ein skulptur og 13 grafiske arbeid. Prisane vil vere mellom 4000 og 2,3 millionar kroner. Ifølgje Hugo Opdal kjem kunstnaren sjølv til utstillinga.

Bjarne Melgaard er utdanna ved Statens kunstakademi i Oslo, Jan van Eyckakademiet i Maastricht og Rijksakademie i Amsterdam. Kunstnaren bur no i New York.

Bjarne Melgaard si stjerne på den internasjonale kunsthimmelen skin sterkare enn nokon gong, opplyser gallerist Hugo Opdal. Melgaard har utstillingar på viktige galleri og museum over heile verda. No sist på Galerie Thaddaeus Ropac i Paris, og Sammlung Friedrichshof Stadtraum. I Oslo skapte han i vinter både beundring og forarging med utstillinga "Melgaard + Munch, The end of it all has already happened" på Munchmuseet.

Kunstverkstad for born

Go with the Flø er også bornas kunstival. Og i år blir det formingsverkstad for store og små born, med ålesundskunstnaren Karin Augusta Nogva. Med ein stab av assistentar vil ho ta borna med inn i origamiens verd. Karin vil også ha fortelljarstund i gymsalen, der ho vil vise forestillinga "Harlekins farfar." Ein serie underfundige historier om farfaren hennar og korleis han får dagane til å gå. Til historiene har ho små papirfigurar som gjer scenene levande. Dei blir projisert som sjablongar på veggen ved hjelp av eit lysbord.

Go With the Flø er eit samarbeid mellom Studio Hugo Opdal, Moods of Norway – og bygdefolket på Flø.

LES SAKA I VIKEBLADET!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02

Kommentarar

ANNONSE