Røff og tøff på rånetreff

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I helga gjekk det sømeleg for seg då 100 doningar samla seg i Bø.

– Ein rånebil skal vere senka, ha breie felgar, sota ruter, vere blank og fin og ha best mogleg musikkanlegg.

Det forklarar Ole Johnny Schei, ein av sjåførane under laurdagens rånetreff i Bø sentrum. Han legg til at det er eit stort pluss om bilen har soltak. Og når ein køyrer skal berre parklysa og tåkelysa vere på. Dette er rånebilanes ABC.

Over 100 bilar
– Alt gjekk veldig bra. Over all forventning eigentleg, seier ein av arrangørane bak rånebiltreffet, Morten Febakke. Han anslår at over hundre bilar deltok.

– Det var solid oppmøte, god stemning, lite bråk og ein fin ungdomsgjeng som deltok, seier han.

Politiet hadde tydeleg sett inn ekstra ressursar og hadde tidleg tre-fire bilar på plass i gata. Fleire bilar blei tatt ut til teknisk kontroll hos Statens Vegvesen som også var på plass med folk og testvogn.

Forlangar søknad
Fungerande lensamann i Bø og Sauherad, Rollef Bergan, seier at dei hadde bede om ein søknad frå arrangørane og at den aldri blei levert. Plitiet har ikkje endeleg teke stilling til om det blir reaksjonar etter årets rånetreff.

– Me forventar ei heilt anna tilnærming frå arrangørane si side neste gong. Me forventar ein søknad om å arrangere i god tid, seier Bergan.

Les meir i Bø Blad!

Tøffe rånarar. David Andersen (f.v.), Morten Febakke og Torstein Almankås ved sistnemndes Volvo Amazon, der Tonje er stilsikker sjåfør. I Stasjonsvegen kjem ei fin kolonne rånebilar.


Viser fram dei finaste bilane. Rånetreff handlar om å vise fram bilane frå si beste side, helst så blanke og fine som mogleg. F.v. Ove Skaret ved sin Volvo Amazon B20, 1970-modell, David Andersen ved sin Datsun Sunny B310, GX5, 1978-modell, Torstein Almankås ved sin Volvo Amazon B15, 1964-modell med sjåfør Tonje og passasjer Tobias, Morten Febakke ved sin Lincoln Continental Mark III, 1969-modell, samt passasjerane Alf Tore Roheim og May Irina Johannessen.

Gjengen i Mercedes W210. Gunnar Waal frå Kviteseid (f.v.), Kenneth Moen frå Bø (bileigar), Ole Johnny Schei frå Nordagutu, Nicolai Rue frå Bø og Susanne Jensen frå Kongsberg (bak).

Kontroll av bilar. Politiet var på plass med kontroll av bilar saman med personell frå Statens vegvesen. Denne sjåføren får beskjed om å køyre til testvogna ved politistasjonen.

Tett trafikk. Klokka kvart over elleve såg det slik ut i Stasjonsvegen. Mange bilar kom køyrande tilbake frå Sluserock i Lunde. Samtidig var rånebilane på rundgang.

På rekkje og rad. Tett trafikk allereie tidleg på kvelden i Stasjonsvegen.