Foreldre angrar på bustadhjelp til barna
Åtvarar mot at gode tider kan ha gjort folk sløve.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Foreldre angrar på hjelp til barna
Tre av ti foreldre angrar på at dei pantset eigen bustad som kausjonist for at barna skal kunne kjøpe seg førstegongsbustad, viser ei undersøking blant kundane til Sparebank 1 SMN.
Nærmare 60 prosent av førstegongskjøparane av bustad måtte i første kvartal i år ha hjelp av foreldre eller andre for å skaffe nok eigenkapital. Det viser kundeanalysar som banken har gjennomført.
– Våre tal er nok ganske representative statistisk sett, seier kredittsjef Endre Jo Reite i Sparebank 1 SMN til Dagens Næringsliv.
Talet på førstegongskjøparar som treng hjelp til å skaffe seg nok eigenkapital, er aukande. I 2010 var det 30 prosent som trengde hjelp, ifølgje banken.
– Så på dei fem åra er foreldremedverknaden dobla. På same tid har gjeldsnivået til dei unge auka, seier Reite.
Den vanlegaste måten å hjelpe barna på er kausjon. Ifølgje Sparebank 1 SMN kausjonerer foreldre i nesten 40 prosent av alle førstegongskjøp, mot 26 prosent i 2010. Mange foreldre har ikkje tenkt godt nok gjennom ei slik forplikting, meiner Reite, som viser til at tre av ti foreldre i ettertid angrar på at dei gav bustadhjelp.
– Eg trur rett og slett dei gode tidene har sløva oss litt og at vi kausjonerer for lett på for mykje, seier Reite. (©NPK)