No er det på tide at Kyrkja og styresmaktene beklagar den «talibanske» kulturvandalismen folkemusikken har vorte utsett for, meiner folkemusikaren Hallvard T. Bjørgum.

NPK-Hallvard Østrem
NPK-Hallvard Østrem
Faktaboks

Taddeivs Minne

* «Bjørgumspel Vol. II. Taddeivs Minne 1», Sylvartun Folkemusikk 2015. Andre del av ein serie utgivingar med dokumentasjon av musikken etter Torleiv «Taddeiv» Bjørgum og den første av tre dobbeltalbum med musikk og filmdokumentasjon.
* Hallvard T. Bjørgum (f. 1956), folkemusikar frå Nomeland i Setesdal, son av spelemannen Torleiv H. Bjørgum (1921-1990).
* Daniel Sandén-Warg (f. 1977), folkemusikar frå Karlstad i Sverige, flytta til Setesdal i 2000 for å lære seg setesdalsmusikken.
* Bjørgum og Sandén lanserte «Taddeivs Minne 1» med konsertar i Oslo 27. mai og på Hylestad Soknehus i Setesdal 29. mai. Der var det òg framvising av dvd-filmen, mellom anna med eit NRK-intervju med Knut Heddi frå 1938.
* Setesdal spelemannslag feirar 19. juni arven etter Taddeiv med ein eigen festkonsert i forkant av den tradisjonelle Setesdalskappleiken. (©NPK)

LES FAKTALUKK FAKTA

– Tatarane har fått ei unnskyldning, og samane har fått ei unnskyldning. No er det folkemusikarane og spelemennene sin tur til å få ei slik offentleg erkjenning av uretten dei har lidd, seier Bjørgum.

Sjølv om folkemusikken har langt betre kår i dag, vil han ikkje lenger glatte over historia, slik folkemusikarane gjerne har gjort når dei i seinare år har sleppt til i kyrkjene.

– Det var jo «Taliban» den gongen. Om ikkje i gjerning, så var det talibanske ytringar og religiøs fundamentalisme som rådde. Og det har halde på heilt fram til det siste.

Dobbel-cd-trilogi
Oppgjeret tar han i tekstheftet til første delen av ein ny dobbel-cd/dvd-trilogi med musikk etter faren, den legendariske spelemannen Torleiv H. Bjørgum (1921– 1990) frå Hylestad i Setesdal. «Bjørgumspel Vol. II. Taddeivs Minne 1» har i tillegg til nye innspelingar, som Hallvard Bjørgum har gjort saman med lærlingen Daniel Sandén-Warg, halvannan time med filmmateriale om og med faren og dei eldre førebileta og læremeistrane Knut Jonson Heddi (1857– 1938) og Andres K. Rysstad (1893-1984).

– Eg vil ta eit oppgjer med denne kristenfundamentalismen, som har ført til så mange personlege og åndelege tragediar. Mange utøvarar vart knebla og fekk ikkje utløp for kunstnartronga si på andre måtar enn gjennom songar, salmar og stevtonar, altså religiøst fundamentert musikk. Verdsleg musikk var direkte bannlyst, fortel Bjørgum.

Felebrenning og fordømming
Motstanden mot folkemusikken fekk òg meir brutale uttrykk som felebrenning og – knusing, men elles måtte den som spelte til dans, rekne med å bli frosen ut av det gode selskap. Læraren Knut Heddi måtte til dømes slutte i skulen på grunn av felespelet sitt. Lærlingen hans, Andres T. Hovet, skal for det meste ha halde spelet for seg sjølv på sine eldre dagar, heilt opp til 1980-talet, på grunn av presset frå bedehusfolket.

Torleiv Bjørgum opplevde i si tid å sjå kvinner og jenter i Setesdal dra skauta ned over auga og springe når dei såg snurten av ei fele. Slik var det i mange andre bygder òg.

– Dette førte til at somme distrikt og heile dalføre, slik som nabodalane til Setesdal – Fyresdal i aust og Sirdal i vest – mista folkemusikktradisjonane sine. Tradisjonen vart komplett utradert og døydde vekk, og det er eit tap som det ikkje er mogleg å restaurere eller rekapitulere. Det som er borte utan spor, det er borte, seier Bjørgum.

Takka vere setesdølar som på 1800-talet var over i Fyresdal og gjekk i lære hos spelemannen Petter Veum, har rett nok delar av fyresdalsspelet levd vidare i Setesdal.

LES OGSÅ:Nyforelska i folkemusikken

Standhaftige karar
I Setesdal har tradisjonen overlevd mykje takka vere standhaftige karar i fleire ledd, den siste altså Torleiv Bjørgum. Det er arven etter han sonen no prøver å dokumentere godt og grundig i den nye platetrilogien. Forspelet kom i 2002 med"Bjørgumspel Vol. I. Farkadden», som var ei samling med gamle opptak med Taddeiv sjølv.

På den nye plata overlèt Hallvard Bjørgum mykje av scenen til innflyttaren Daniel Sandén-Warg frå Karlstad i Sverige, som har gjort det til ein livsmisjon å lære seg setesdalsmusikken. Til og med den særeigne dialekten har han etter 15 år i Setesdal fått svært godt tak på, seier dei innfødde.

Spelemannen og sølvsmeden Torleiv H. Bjørgum framfor Sylvartun i Setesdal i 1988, to år før han døydde. Foto: Hallvard Østrem / NPK

– Dette er ein dokumentasjon av arbeidet til far min, men òg av den svenske Daniel Sandén-Warg, som er ein framstormande musikar. Planen er at dette til slutt skal bli ein «sixpack» med tre cd-ar med musikk og tre dvd-ar med dokumentarfilm. Daniel speler stevmelodiar på hardingfele, slik òg far min gjorde, mens eg tar meg av vokaldelen. Og så speler Daniel slåttar etter far min på munnharpe, inspirert av Aani Rysstads spelestil, forklarer Hallvard Bjørgum.

– Vi tar for oss så godt som heile felerepertoaret til far min, men av stev er det hundrevis, så det er langt frå komplett. Det hadde det ikkje vorte plass til.

LES OGSÅ:Folkemusikk + svensk rap = sant

Blømingstid
Setesdal spelemannslag er i dag den største kulturorganisasjonen i dalen og kjempar no for å få folkemusikken frå Setesdal inn på Unescos verdsarvliste saman med argentinsk og uruguayansk tango og vedisk song frå India. I samband med den tradisjonelle Setesdalskappleiken i midten av juni skal også dei feire arven etter han Taddeiv med ein eigen festkonsert.

– Vi er på ein måte inne i ei blømingstid for folkemusikken i Setesdal no. Konserten er ein manifestasjon av at vi no har klart oss i 25 år åleine etter at Taddeiv døydde i 1990. Det jo verdt ei feiring, det òg, at arven ikkje døydde med han, seier Hallvard Torleivsson Bjørgum.

LES FLEIRE SAKER OM FOLKEMUSIKK HER!

Saman med den svenske folkemusikaren Daniel Sandén-Warg har Hallvard T. Bjørgum (biletet) laga plate med nyinnspelingar av musikken etter faren, Torleiv T. Bjørgum. «Bjørgumspel Vol. II. Taddeivs Minne 1» er den første i ein serie på tre dobbeltalbum med setesdalsmusikk og filmdokumentasjon. Foto: Knut Utler / Sylvartun Folkemusikk

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE