– Folk taper på å ha pengane i banken.

NPK-NTB
NPK-NTB

Folk må slutte å spare pengar på bankkonto fordi ein kan ende opp med negativ realrente, meiner Nordea Norge-sjef Gunn Wærsted. Ho oppfordrar i staden til å satse på aksjefond.

– Dilemmaet er at det meste av rentene på sparekonto blir etne opp av prisstigning. Dei som i tillegg betaler formuesskatt, har negativ realrente, seier Wærsted til Dagens Næringsliv.

Den beste renta på sparekontoar som er mogleg å oppdrive i Noreg for tida ligg på rundt 2,5 prosent, medan dei fleste ligg på om lag 2 prosent. Prisstiginga er på 2 prosent, og ho er aukande.

Ny tal frå Statistisk sentralbyrå viser at inflasjonen no har auka til 2,4 prosent. Dermed endar norske bankkundar med det DNB omtaler som eit «tapsprosjekt» viss ein plasserer pengane på sparekonto.

– Over 200.000 nordmenn har meir enn 1 million kroner ståande på konto. Grunnen til det trur eg er at vi er tryggleiksorienterte, uttaler DNBs forbrukarøkonom Silje Sandmæl.

QUIZ: Forstår du deg på økonomi?

Wærsted i Nordea Norge tilrår at dei fleste kundane heller bør plassere sparepengane i fond.

Finansnæringens Hovedorganisasjon Finans Norge meiner på si side at folk først må betale ned forbruksgjeld og høg bustadgjeld før dei byrjar å bruke sparepengane på fond. Det rådet kan vere i tråd med Finansdepartementets syn. Tal derfrå viser at nordmenn har rekordhøg gjeld som svarar til vel 220 prosent av disponibel inntekt. (©NPK)

LES FLEIRE SAKER OM PRIVATØKONOMI HER!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02

LES OGSÅ

ANNONSE