Lettare for ferje-øyar å få brusamband

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette gjer det lettare å bli landfaste

Etter at kommunalkomiteen på Stortinget tysdag vedtok å utvide ordninga med ferjeavløysingspengar for fylkesvegane til 40 år, kan det bli lettare å få på plass bru eller tunnel til mange øysamfunn.

Mens forslaget frå regjeringa i kommuneproposisjonen var å gi ordninga ei løpetid på 30 år, som for riksvegane, valde fleirtalet i kommunalkomiteen (H, Frp, V og KrF) å utvide ordninga til 40 år.

– Dei fylka som har størst behov for ei ferjeavløysingsordning for fylkesvegane, er ofte dei mest desentraliserte. Skal vi leggje til rette for desentralisert busetjing, så må vi òg byggje bruer mellom øysamfunn og på tvers av fjordar, seier kommunepolitisk talsmann i Venstre André N. Skjelstad i ei felles pressemelding frå regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet og samarbeidspartia Venstre og KrF.

Ferjepengar til veg
Ordninga betyr i praksis at fylkeskommunane kan finansiere vegprosjekt på opptil 600 millionar kroner, seier leiaren i kommunalkomiteen, Helge André Njåstad (Frp). Enkelt sagt får fylkeskommunane halde på dei pengane det kostar å drive eit ferjesamband i 40 år om dei erstattar ferja med vegsamband.

– Eg kjem sjølv frå eït øysamfunn og veit korleis det er å rette seg etter rutetidene til ferja. No får fleire meir fleksibilitet i kvardagen, seier Njåstad, som høyrer heime på Austevoll i Hordaland.

Verktøya på plass
Vedtaket blir godt mottatt mange stader langs kysten. Både Solund og Askvoll i Sogn og Fjordane har ønskt seg ei slik førtiårig prisjustert ordning, og ifølgje NRK ser begge dei to øykommunane no for seg at dei skal få realisert dei etterlengta fastlandssambanda over høvesvis Ytre Steinsund og mellom Askvoll og Atløy.

– Vi er i gang med ein kommunedelplan for fastlandssamband til Atløy. Dette har vore blant dei viktigaste samferdselssakene i kommunen over lang tid. No har vi ei ordning som gjer at vi kan få sambandet realisert, seier ordføraren i Askvoll kommune, Frida Melvær (H), til NRK.

Like glad er ordføraren i Solund kommune, Ole Gunnar Krakhellen (H).

– Dette kjem til å knyte kommunen betre saman og bli til nytte for heile kommunen. For å få dette til vart det tidleg klart at vi måtte få verktøya på plass. Dette har eg, seier Krakhellen. (©NPK)