Frå slakt til best

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Administrasjonssjef Ola Helstad i Lom kommune fortalde dette til Landstinget til Landssamanslutninga av nynorskkommunar, som går av stabelen torsdag og fredag på Gol i Hallingdal. Tema under landstinget i år er omdømmebygging i kommunane.

Evaluering i Kommunekompasset i 2002 var slik: «Lom kommune beskrives som en «kaotisk og konfliktsfylt» organisasjon med uklar rolleutøvelse, uklarhet i anvendelsen av fullmakter og uryddighet i saksbehandlingen».

– Me visste at me hadde dyktige fagfolk og gode tenester. Men me tok ikkje det inn over oss. Og me kommuniserte det ikkje ut, sa administrasjonssjef Ola Helstad.

– Me starta systematisk arbeid med balansert målstyring, stor fokus på rolleforståing og rolleansvar, og aktivt bruk av etablerte målingar med høg nytteverdi.

– Det er fort at du blir møtt med sutring, anklage om hersketeknikk og at ein ikkje får lov til å kome med kritikk når ein jobbar med omdømme. Me er ikkje der.

– Me satsa på kommunikasjon, endringskompetanse og omdømme.

Arbeidet har gitt resultat: I 2011 hadde Lom det høgste poengtalet på kommunepasset. Lom har også både toppa og vore heilt i teten av kommunebarometeret nokre år.

– Det me etterspurde i 2002 er blitt ein realitet, sa Helstad.