Nordstoga til Falturiltu

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I november er det atter ein gong duka for Falturiltufestival på Stord.  

Festivalen fekk tidlegare i år tildelt 155.000 kroner i støtte frå Kulturrådet i både 2015 og 2016.

No kjem den gledelege meldinga om at Sparebanken Vest har auka støtta og årets festival får difor 300.000 kroner ekstra å rutte med.

LES OGSÅ: Samlar verda på Falturiltu

Fleire skulebesøk
Leiar i programkomiteen, Roald Kaldestad, gler seg over å kunna tenkja meir langsiktig, noko som er svært viktig når det gjeld å planleggja festival.

– Det at me no får fleire hundre tusen frå banken, gjer at me vil kunna bruka dei 12 forfattarane som kjem meir. Det vil bli fleire opne arrangement med dei, og skulane vil kunna få meir forfattarbesøk. Dessutan er det godt å kunna kjenna oss trygge på at me klarer å halda budsjettet på 750.000 kroner, seier Kaldestad til Bladet Sunnhordland, som først omtala saka.

Den populære artisten og barnebokforfattaren Odd Nordstoga, er mellom dei som skal bidra under årets festival. Saman med bandet sitt vil han stå for avsluttinga.

LES OGSÅ: Meir for dei minste frå Odd Nordstoga

Parr i vaffelhjarter
Med ei så stor pengegåve utelukkar ikkje Kaldestad at årets program vert utvida, men nokre godbitar er allereie på plass.

Årets festivalforfattar er barnebokforfattarane si nye superstjerne Maria Parr.

Tema for festivalen er «Fart og sjølvtillit», henta frå bestseljaren «Vaffelhjarte» (2005), som òg var Parr sin forfattardebut.

Nordstoga har mellom anna skrive barneboka «Eg og Pontus», men er mest kjent for sine populære viser på Vinje-dialekt.

At nettopp desse to gjestar festivalen same år passar ekstra godt, sidan Nordstoga laga musikken til NRK si filmatisering av «Vaffelhjarte», og spelar sjølv rolla som lege i serien.

LES OGSÅ: Fantasi og fanteri på Falturiltu

Knalltriltu
Nytt av året er «Knallturiltu» – ein kombinasjon fysikk og bok, der lokale parkour-utøvarar skal syne sine triks.

Tidlegare har festivalen hatt innslag av både «Ballturiltu» og «Stallturiltu».