Nervar og nål av stål

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne fotoreportasjen er del av eit samarbeid mellom Studentradioen i Bergen og Studvest. 

Den intense, summande lyden frå tatoveringsmaskiner blandar seg med menneskestemmer og fyller lokalet. Medan lyden får håra i nakken til å reise seg hjå nokre, pirrar det nysgjerrigheita til andre.

Høyr reportasjen til Studvest her – med video!

Sjølv om mai-lufta framleis er frisk og freidig har fleire besøkande på Bergen Tattoo Convention i Logen kledd seg lett, og frå skjørtekantar og tennissokkar snor kunstverk seg ut.

Men det er ikkje nok. Villige, menneskelege lerret er på jakt etter ein ny Picasso for å fylle inn ein urørt flekk.

LES OGSÅ: Tatoverings-talentet

Bergen Tattoo Convention_SB_13

Lir for vennskapet
– Har du tatoveringar? Nei? Ikkje begynn, du blir avhengig, seier litteraturvitskapstudent Ida Bekk.

Ho er i Logen for å ta vennskapstatovering saman med Kaja Egelien. Dei er tidleg på plass og trålar lokalet etter potensielle tatovørar.

Tatovørane har byrja å rigge seg til for dagen, og nokre har allereie første kunde på plass. Ein mann har kledd av seg på overkroppen, og er i ferd med å få omrisset av ein diger drake fylt med farge, den dekkar heile ryggen.

Han fortrekk ikkje ei mine, men kikkar opp med jamne mellomrom og tek ein slurk frå kaffikoppen.

Bekk og Egelien har funne sin tatovør. Bekk er førstemann ut og skal få tatovert oversida av begge føttene.

Bergen Tattoo Convention_SB_04

Som å bli slått på BCG-en
Ho skvett til i det den skarpe nåla treff berr hud. Ho trekk pusten og strammar grepet om bordkanten.

– Det er litt som om nokon pirkar deg på solbrent hud, seier ho, før ho tenker seg om igjen:

– Eller som å bli slått på BCG-en.

Tatoveringane tek form, først som omriss som deretter blir fylt av svart blekk. Blodet som piplar opp av nyfarga hud blir tørka vekk, og føtene pakka inn i plast.

– No kan eg ikkje gå på fleire veker, men det passar fint sidan eg skal levere bacheloren om tre veker, seier Bekk.

Bergen Tattoo Convention_SB_12

Nervar av stål
No er det Engelien sin tur til å finne seg til rette mellom skodelystne og trange tatoveringsstands.

Bekk følgjer med frå sidelinja på raude, nakne føtter. Bestevennina hennar har nervar av stål, og blottar roleg jomfrueleg hud på underarmen for tatovøren.

Føremiddag blir til ettermiddag. Draketatoveringa blir del for del meir fargerik.

Det er openbert tidkrevjande arbeid, men verken tatovør eller lerret let til å merke det. Andre tilstades stoppar ei stund og beundrar verket.

Nokre av deltakarane på messa er allereie heilt dekt av blekk frå topp til tå, det er vel noko i det Bekk seier: «Om du byrjar er det vanskeleg å slutte.»

LES OGSÅ: Blackpackers valfartar til Bergen