Konkurrerer med norgestoppen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først i Ryfylke

– Eg hadde ikkje tenkt på at eg skulle få vere med tidlegare, så det var kjekt å få invitasjon, seier Foss.

Han skal konkurrere i The Attacking Viking Challenge, kor dei beste alpinistane i Norge konkurrerer til støtte for Barnekreftforeningen. Lag på tre personar skal sykle ut frå stafett-prinsippet kvar si runde på ei bane på to kilometerar, i fem timar. For kvar runde utøvarane syklar går det pengar til Barnekreftforeningen. Store stjerner som Aksel Lund Svindal, Kjetil Jansrud og Henrik Kristoffersen skal også vere med.

– Eg har sykla litt før, men det kjem til å bli tøft, vedgår saudaguten.

Grunnen til at Foss fekk invitasjon til å vere med, var fordi han gjorde det så bra under alpinistanes eigen Iron Man-test, som er i regi av Olympiatoppen. Testen består av åtte forskjellige øvelsar, som testar både uthalding, styrke og spenst. Her var også fleire av landslagsutøvarane med, og Foss var blant dei tre beste utanfor landslaget.

LES OGSÅ: – 15 timar med smerte