Snø stoppa skulebussen 1. juni
Over Haukelifjell vart vegen stengt 1. juni – grunna snø og kraftig vind.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kraftig snø 1. juni
Det er ingen grunn til å finne fram badeshortsen i Øvre Telemark enno. På Haukelifjell snødde det så mykje at E134 måtte stenge måndag morgon. Haukeliseter fjellstove meldte på Facebook om sterk kuling i tillegg til snøen, noko som fekk konsekvensar for skulebarna:
– Skulebussen blåste av vegen, så dei fastbuande fjellbarna jubla for heimeskule.
Håkon Aarthun på Haukeliseter fortalde like før VTB gjekk i trykken måndag at det framleis blåste godt på fjellet.
– Dei opnar kanskje vegen om ein time. Det føyker mykje, seier han.
Men han ser det positive i at det snødde og blåste stiv kuling 1. juni:
– Det er i alle fall ikkje mygg her, humrar han.
LES OGSÅ: Må endre definisjonen på normalt vêr