Navigerte seg fram i rekordfart

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først i Tysnesbladet

– Hugsar alle kva dei blå strekane betyr?

– Ja, blått betyr vått, seier elevane.

Tredje til sjuande klasse frå Onarheim fekk tysdag opplæring i å lesa kart, og lærte kva dei ulike fargane betydde.

– Svart ring viser at det er ei farleg myr der, seier Brede Kleppe Røssland frå 4. klasse.

Elevane får utdelt kart ved Sletteskogmarka som dei snur og vender på. Dei leitar etter staden på kartet der dei står. Den er markert med ein trekant har elevane lært.

LES OGSÅ: Kampen om verda

Samfunnsfag og matte
Utanom kart får kvar gruppe eit kompass og ein brikke dei skal leggja ned på kvar post dei finn i skogen. Det er dette som er o-laup.

– Dei får læra å orientera seg etter kart, og dei lærer ein del om geografi, matte og målestokk, seier lærar Ida Meland.

Jon I. Skjolde frå Onarheim Idrettslag (OIL) hadde opplæring med elevane.

– Det er ein kjekk idrett som får folk ut i terrenget, var dei vaksne einige i.

Elevane plasserte kompasset over kartet og fann ut kva retning som var nord.

La ein plan
Då alle hadde fått studert kartet og planlagt ruta, var fyrste gruppe på startstreken. Då klokka var innstilt, var det berre for den fyrste gruppa til å leggja brikka si på den fyrste posten og springa vidare. Torgeir Møllerup Kaldefoss, Julian Førdedal Huse og Jannike Berge Espevik sin taktikk var å følgja kartet til punkt og prikke.

– Der er det ein veg, kvar skal me gå der, spurte Huse dei andre på gruppa si, og så diskuterte dei, før dei la på sprang med kartet flagrande i hendene.

– De må ikkje gløyma å sjå på kartet, skreik Magne Storesætre frå OIL til elevane som sprang bortover vegen.

Med to minutt mellom kvar gruppe, sprang ei og ei gruppe inn i skogen.

LES OGSÅ: Han skal få fleire ut i naturen

Skjøna prinsippet
Etter rundt femten minutt kunne ein høyra borna. Dei fyrste kom heseblesande inn til mål og fekk lagt brikka si på den siste posten. Like etter kom to grupper som hadde tatt innpå den fyrste gruppa. Borna fekk ein liten kvitering som viste tida dei brukte, og tida dei hadde brukt mellom kvar post.

– Dette var lett, kom det frå gruppa som fekk best tid.

Ingen hadde nemleg sprunge feil.

– Då har de skjønt korleis de følgjer kart. De hadde kanskje ikkje funne fram viss ikkje. Neste gang legg me postane meir utanfor stien slik at det blir vanskelegare, seier Storesætre.

Nokre av elevane var gjennomvåte frå knea og ned. Skoa draup, og var møkkete.

– Me sprang rett gjennom elva, seier Eirik Skorpen og smiler.

Vil ha fleire med
Elevane var svært glade då dei kom i mål etter o-laupet. Det var tydeleg at dei syntest dette var kjekt.

Skjolde fortel at han kunne ynskja at fleire på Tysnes ville vera med å springa orientering. I sommar kan alle som vil, gå turorientering på Tysnes. Det blir lagt ut kart over ulike turløyper på Tysnes, og så kan ein følgja karta for å finna postane. Då blir det ikkje tida som er viktig, men det å orientera seg fram til posten som gjeld. Det å leita etter postar kan vera motivasjon for tur med borna tipsar idrettslaget.

– Og så kan du læra deg nye turløper som du ikkje har gått før. Me hadde kanskje ikkje gått i skogen på Gjøvåg viss det ikkje var for orienteringa, seier Skjolde.

LES OGSÅ: Han har utruleg nok aldri knekt eit bein i kroppen