MDG seksdobla på fire år

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først i Avisa Nordhordland.

I løpet av landsmøteveka for partiet tidleg i mai tikka medlem nr. 1000 inn i Hordaland MDG sitt medlemsregister. Det betyr at fylkeslaget har hatt ei seksdobling i medlemmer på fire år. 

Dette kjem berre ein månad etter at det var klart at MDG stiller lister i 22 kommunar, og at 95 prosent av alle hordalendingar har moglegheit til å stemme på partiet ved kommunevalet til hausten. i Nordhordland stiller MGD liste i alle kommunane unnateke Fedje.

LES OGSÅ: Rasmus Hansson: Mongstad bør ikkje reddast 

Fylkesleiar Tom S. Tomren seier MDG med dette vil setta sitt preg på politikken i fylket.

– Medlemsveksten som vi opplever no er fantastisk. Då eg kom inn i fylkesstyret i 2011 var vi 162 medlemmer, no er vi over 1000. Det grønast berre fortare og fortare, seier han. 

– Med den medlemsveksten vi har nå, og med lister i 22 hordalandskommunar, kjem vi til å prege hordalandspolitikken i åra som kjem.

– Kvifor opplever MDG denne veksten?

– Folk flest ønsker eit tydeleg grønt parti i norsk politikk. No har mange sett at vi leverer både på stortinget, i fylket og i dei kommunestyra vi sit i, seier Tomren.

LES OGSÅ: Opna nytt ladepunkt for el-bil i Austrheim 

– Eg trur dette er hovudgrunnen til at medlemmene strøymer til. Det må òg seiast at vi har jobba systematisk med å utvikle organisasjon og politikk og dette ber frukter, sluttar han.

TEST DEG SJØLV: Kor berekraftig er du?