Pampar! Høyr på meg!

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vi som skriv i avisa har ein viktig jobb å gjere. Når det har skjedd noko som absolutt ingen synest er greitt, då er det vår tøffe oppgåve å sette oss ned etterpå og skrive at dette er faktisk ikkje greitt. Det er viktig å vise at vi står på rett side. For viss du ikkje står på rett side, då står du på feil side. Og det er ikkje rett. Det er faktisk feil.

Derfor: Korrupsjon er ikkje greitt. Det er faktisk skikkelig ugreitt. Folk som gir andre folk fordelar for å få masse greier sjølve, er ikkje bra folk. Slike folk kan vi ikkje ha. Derfor vil eg seie høgt og tydelig frå til alle pampane i internasjonal fotball: No må det bli slutt på korrupsjon og ukultur. Ukultur er ikkje bra. Her må noko gjerast. Det må ordnast opp. Vi forventar det. Vi kan ikkje ha det sånn. Kulturen må endrast. Det er noko her som ikkje luktar godt. Dette har fått pågått altfor lenge. Nok er nok. Nye kostar må til. Ut med gammalt grums. Ta tak. Rydd opp. Det er fotballens framtid som står på spel.

Hah!

Sånn. Då har i alle fall eg gjort mitt. Då reknar eg med at alle FIFA-pampane har fått noko å tenke på. For eg går sjølvsagt ut frå at FIFA-pampar les norske aviser kvar dag, engstelige for kva dei vil finne der, og når dei kjem over dette oppgjeret som eg nettopp har tatt med dei, då vil dei sporenstreks seie frå seg pampe-titlane sine, levere tilbake bilane, vingarden, perlene, dei utstoppa utryddingstrua dyra, statsrådane, kyststripa og alt det andre dei har tuska til seg, be audmjukt om orsaking, komme på at idrett eigentlig handlar om fredelig kappestrid mellom sunn ungdom på tvers av landegrenser og kulturar, begynner å jobbe frivillig for Redd Barna, og bryte ut i «Se ilden lyse!».

Viss ikkje det skulle skje, eller viss det faktisk ikkje er sånn at FIFA-pampane følgjer med påkva vi skriv i avisene i Norge, då har eg berre dette å seie: Jaja, eg har i alle fall gjort mitt.

Kva meir kan ein gjere enn å seie frå?

Eg kunne sjølvsagt ha oppfordra absolutt alle til å halde seg heilt unna all fotball fram til det kjem påplass eit nytt og demokratisk system som styrer internasjonal fotball.

Men det kan ta tid. Veldig lang tid.

Og eg trur ein del av lesarane mine ville blitt sinte viss eg foreslo dette. Og ein del av dei ville meint  at eg var teit. Ein del av dei vanlige lesarane mine, altså. Ikkje berre galningane som alltid blir sinte og meiner eg er teit. Eg vil jo ikkje at lesarane mine skal bli sinte påmeg. Eg vil at dei skal sjå opp til meg. Og tenke at eg er litt tøff. Og barsk.

Og dessutan: Det blir jo veldig kjedelig viss vi ikkje kan sjåfotball.

Men kanskje kan vi boikotte litt. For eksempel sjå fotball, men ikkje med spesielt mykje engasjement. Det skal gå greitt, for eksempel når Mjøndalen speler mot Sandefjord, midt i sesongen.

Det blir verre å ikkje vere engasjert i internasjonale kampar. Spesielt VM. Og det er jo også dumt å droppe engasjementet. Engasjement er sunt. Det er det fotball bør handle om. Engasjement. Å heie fram heltane sine. Ingen er tente med at fotballen mister engasjementet.

Så eg vil med andre ord oppfordre alle til å halde fram som før.

No har eg i alle fall sagt frå. Ingen kan komme etterpåog seie noko anna.

Ta den, pampar.

Først publisert i Aftenposten 30 .mai.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!