Frå jegerar til dei fyrste bilane over Hardangerbrua. No har folket langs fjorden fått historia si samla i eit trebindsverk.

NPK
NPK

Hardanger har vorte sjølve symbolet på det norske, men er likevel noko for seg sjølv. I Hardanger vinn du ikkje status ved å føya deg, men ved å følgje dine personlege evner og interesser, ved å vere deg sjølv, vert det i verket sagt om lynnet til hardingane.

«Hardanger, ei regionhistorie» er blitt til av forfattarane Svein Ivar Angell, Martin Byrkjeland, Knut Grove, Herdis Kolle, John Ragnar Myking, Jo Rune Ugulen og Bård Gram Økland.

LES OGSÅ: Fjord-cowboyar frå Hardanger

Sju kommunar
Hardanger utgjer i dag kommunane Eidfjord, Ulvik, Granvin, Ullensvang, Odda, Jondal og Kvam. Den vel 180 kilometer langeHardangerfjorden med fjordarmar har vore hovudferdselsvegen som batt regionen saman. Ut mot kysten sluttar Hardangerfjorden med Varaldsøy og Maurangerfjorden i Kvinnherad.

Hardanger kan laust definerast som bygdene rundt Hardangerfjorden, dalføra vidare opp mot vidde og fjellområde.

LES OGSÅ: Hardangeraktivistar lovar å kjempa vidare

Frå steinalderen
I første band vert det fortalt om utviklinga frå steinalderen og fram mot jordbrukssamfunnet rundt 1750.

Under hellerar i Jondal er det funne buplassar frå 7.000 før Kristus, som er dei eldste spora etter folk i Hardanger som kan tidfestast relativt presist. Arkeologar har her funne reiskapar, matrestar og eldstader. Funn av fiskekrokar vitnar om at fjordfiske var viktig i livberginga. Harpunar har vore brukt til fangst av sjøpattedyr, men pilspissar og spyd fortel også om landleg jakt.

LES OGSÅ: – Det er ikkje berre i oslo det skjer

Bondesamfunnet
Band 2 tek føre seg moderniseringa av bondesamfunnet fram mot 1900.

Mellom 1750 og 1850 vart folketalet i Hardanger om lag dobla frå vel 8.000 til 16.000 personar. Dei fleste måtte leve av jorda, enten at dei åt det dei dyrka eller ved at jordbruksprodukt vart bytt i andre varer. Folkeauken førte til oppdeling av gardane. Jorda vart utnytta frå fjæra til nakne høgfjellet. Eigedomslause vart husmenn eller strandsitjarar. Mange dreiv handverk og båtbygging vart ei stor næring.

LES OGSÅ: Jobbar for saktare mat

Det norske glansbiletet
Hardingane har drive handel, både over Vidda og utover fjorden. Dei dreiv frakt med eigne fartøy langs heile norskekysten og til austersjølanda. Det vart handla med fisk, brensel, ost, smør og frukt. Heimatt fekk dei korn og ulike byvarer. Både bønder og husmenn kunne tene gode pengar på fartøynæringa.

I nasjonsbygginga på 1800-talet vart Hardanger sjølve biletet på det norske: den vakre naturen, hardingfela og hardangerbunaden vart nasjonale symbol. Dette skjedde først og fremst blant kunstnarar, kulturhøvdingar og intelligentsiaen i byane. Hardanger representerte eit samlande, romantisk ideal for Noreg. Blant hardingane sjølv var det på denne tida paradoksalt nok både geografiske, kulturelle og religiøse skilje.

LES OGSÅ: Jublar over frameis språkdelt skule

Industriutbygging
Band 3 handlar om tida etter at storindustrien og fruktdyrkinga for alvor gjorde sitt inntog i regionen etter 1900.

Med karbidfabrikken i Odda tok Hardanger steget direkte frå det førindustrielle til det storindustrielle utan mellomliggjande stadium. Storindustrien skapte ei fundamental deling i Hardangermellom industrisamfunn og bygdesamfunn. I industrisamfunna var alt annleis, arbeidet, dei sosiale forholda, kulturen og politikken. Her rådde urbane levekår og livskvalitetar. Med storindustrien kom arbeidarrørsla og verdigrunnlaget til arbeidarrørsla til Hardanger. Utanfor industristadene gjekk livet mykje som før. Frå slutten av 1920-talet var fruktdyrkinga ei viktig næring i dei delar av Hardanger der tilhøva låg til rette for det.

I dei siste åra har Hardangerbrua og kraftlinjer mellom Sima og Samnanger – dei såkalla «monstermastene» – skapt sterke kjensler og strid både i regionen og på landsbasis. (©NPK)

Sjå timlapse frå Hardanger:

Hardanger Timelapse from Thomas Tepstad Berge on Vimeo.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.01

LES OGSÅ

ANNONSE