Med sine 20,5 år er «Skeivhodno» offisielt Noregs eldste ku. Det har vorte 17 kalvar, mykje godt smør og eit alvorleg tilfelle av mjølkefeber.

Elisabeth Berg Hass, Kvinnheringen
Elisabeth Berg Hass, Kvinnheringen

Saka var først publisert i Kvinnheringen. 

Det er no stadfesta frå høgaste hald òg, med sin alder på 20,5 år er «Skeivhodno» eldste kua i landet, med god margin. Kua finn du på garden til Johannes Hauge (80) på Skorpo.

Den staselege kua har fått namnet «Skeivhodno» på grunn av eit horn peikande i vêret og det andre ned mot kinnet.

Kua har fekk Hauge i 1994, og berre to år gamal blei ho mor for første gongen. I åra som gjekk skulle ho få til saman 17 kalvar, kor av to tvillingpar. Éin gong spontanaborterte ho òg. Men etter siste kalven blei ho svært sjuk av mjølkefeber, og det var like før ho strauk med, fortel Hauge.

– Kvifor er Skeivhodno så spesiell?

– Tidlegare laga eg smør, og ho leverte usedvanleg god mjølk til smøret. Då eg slutta med smør, var ho ei usedvanleg god ammeku. Og så har ho alltid vore veldig snill og klok, fortel Hauge.

LES OGSÅ: Ku-trim til 250 millionar kroner 

I ein klasse for seg sjølv
I november fyller Skeivhodno, som er av rasen norsk raudt fe, 21 år, om ho lever til då. Den høge alderen gjer henne til den eldste kua i landet. I 2010 skreiv Bondebladet om ei ku på 15 år som då blei hevda å vera den eldste i landet. I same artikkelen stod det at gjennomsnittskua i landet blir fem år og føder tre kalvar. Avlskonsulent Anne Guro Larsgard ved Geno SA gjer eit søk i Kukontrollen for oss, ein database som har 99 prosent av alle mjølkekyr i landet registrert.

– Av dataen vi har registrert i Kukontrollen, ser at eg denne kua de syner til må vera i ein klasse for seg sjølv når det kjem til alder. Den førre eldste kua som er registrert, kom ikkje i nærleiken, stadfester Larsgard.

– Kva tenkjer du om at det som truleg er landets eldste ku går her og beiter?

LES OGSÅ: Elsa Lystad om Elsa Lystad 

– Det er jo stas det, sjølv om eg eigentleg ikkje tenkjer så mykje over det. Men ho har nok hatt ein usedvanleg godt kuliv, her ho har gått og beita på grøne marker i all si tid, seier Hauge.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.01

LES OGSÅ

ANNONSE