Færre elevar med spesialundervisning

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Grunnen til utviklinga skal vera at det har blitt lagt betre til rette for at elevar med ekstra behov blir inkluderte i den vanlege undervisninga.

– Det er køyrt prosjekt for å få ned talet på elevar med spesialundervisning. Og dette har hatt effekt, seier assisterande utdanningsdirektør hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal Jørn Thomassen til NRK.

Medan 12,6 prosent av elevane fekk spesialundervisning i toppåret 2010, var det i fjor 8 prosent som fekk slik undervisning. I praksis vil det seia 3.913 elevar fordelte på 352 skular. I tillegg var 1.503 elevar utplasserte éin eller fleire dagar i veka utanfor vanleg opplæring.

Gutane er i fleirtal blant elevane med spesialundervisning, og delen elevar som får slik undervisning er tre gonger så høg ved 10. trinn som ved 1. trinn. (©NPK)