Vil stogge vårjakt på bever
Medan det gjeld ei yngletidsfreding for alle andre dyreartar, kan beveren jaktast på også om våren. Det vil Naturvernforbundet ha slutt på.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I dag gjeld jaktperioden på bever frå 1. oktober til 1. mai, med moglegheit for at kommunane kan forlengje til 15. mai, fortel Nationen. Beveren føder ungar i mai og juni månad, noko seinare i høgareliggjande strøk.
LES OGSÅ: Sp vil fjerne jegeravgifta
– Vi risikerer med dagens jakttider at vi drep bevermødrer frå ungar eller skyt drektige dyr. Styresmaktene må forby vårjakt på bever så fort som mogleg, seier fagleiar Arnodd Håpnes i Naturvernforbundet til avisa. Forbundet krev at jakta på bever blir stogga 23. desember.
Prosjektleiar Ingebrigt Stensaas ved friluftslivsseksjonen i Miljødirektoratet fortel at direktorat har fått fleire innspel rundt jakt på bever i april og mai. Innspela skal vurderast nøye før jakttidene som skal gjelde frå 2017 til 2022 blir vedtekne, skriv Nationen. (©NPK)
LES OGSÅ: Vil på jakt i romjula