Ordførarkandidaten opnar heimen for flyktningar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Opnar heimen for flyktningar

Saka var først i Avisa Nordhordland

– Vi kan ikkje la vere å handla akutt når desse menneska lir under eit evig skotregn og konstant trusselbilde, med den unnskyldinga at me ikkje har råd, i eit av verdas rikaste land, seier Sæterstøl, som sjølv står parat for å opna heimen sin for Syriske flyktningar.

Lindås-ordførar Astrid Byrknes har tidlegare invitert til tverrkommunalt samarbeid for mottak av fleire flyktningar, og Høgre-ordførar Nils Marton Aadland har svart at Meland vil venta.

LES OGSÅ: – Det er så forferdeleg. Vi klarar ikkje å setta oss inn i det

Det hastar
– Eg høyrer at vi skal vente. At vi kan hjelpa folk der dei er. Når kulene haglar rundt øyra, når det er krig og når folk døyr, då kan me ikkje venta, seier Sæterstøl engasjert. Ho meiner Meland kommune fint kunne tatt imot fleire flyktningar, og trur det er mange som ville ha opna heimane sine for menneske i akutt naud.

– Når eg les enkelte av kommentarane i sosiale medium som går på kvifor vi ikkje skal hjelpa desse menneska, så vert eg kvalm. Eg vert skremt over mangelen på omtanke og hjartelag. I verdas rikaste land har vi liksom ikkje råd til å hjelpa – eg har nesten ikkje ord, seier Sæterstøl.

LES OGSÅ: 681 barn ventar på plass å bu

– Alle kan bidra
Ho meiner at vi ikkje lenger kan sitta på gjerdet og venta.

– Det er alt langt på overtid, vi må handla no, seier ho. Sæterstøl veit litt om å stilla opp for andre menneske. Ho har tre eigne born, men har likevel funne plass til å ta til seg to fosterborn. I tillegg har ho tidlegare opna heimen sin for ein mindreårig flyktning frå Somalia, som budde hjå familien i halvanna år.

– Kan hende har ikkje alle høve til å opna heimane sine, men alle kan gjera noko. Engasjera seg på grasrotnivå, på sosiale medium og inn mot lokalpolitikarane. Vi har pengar og vi har nok av plass, seier Sæterstøl engasjert.

LES OGSÅ: 3 av 428 kommunar har sagt ja til å ta i mot fleire flyktningar.

Ikkje umogleg
Ho refererer til Balkan-krigen, då Norge på kollektivt grunnlag gav 13.000 bosniarar midlartidig vern, og seinare 8000 Kosovo-flyktningar.

– Det viste at Norge har moglegheit til å handla raskt. Det er mogleg at desse folka budde litt nærare oss, at dei var litt lysare i huda. Kva veit eg?

Men det let seg i alle fall gjera, seier Sæterstøl. Ho minner om at det er 75 år sidan Norge sjølv var i krig, og nabolanda opna grensene for oss.

LES OGSÅ: Seier nei til å ta imot fleire flyktningar